
Satte andres liv i fare med disse dekkene
Norsk trailer kjørte med dekk slitt ned til stålcorden
Det var under ein kontroll onsdag kveld at Statens vegvesen stoppa trailersjåføren i Flora, melder firda.no
- Vogntoget var lasta med farleg gods, og seks av dekka på tilhengaren var slitne heilt ned på stålcorden. Det er det mest graverande eg har sett på mange år, seier overingeniør Svein Arne Henjesand ved Statens vegvesen, Region vest.
Køyreforbod, bot og politimelding
Vogntoget vart stoppa på Grov i Flora, og lasta det frakta var ein container med flytande gass.
I tillegg køyrde vogntoget på vinterføre utan kjettingar som var tilpassa hengaren.
- Vi gav køyreforbod på staden, og føraren av vogntoget vert meldt for å køyre med slitte dekk. Det vart også skrive ut gebyr for manglande kjetting, seier Henjesand.
Stor risiko
Vogntoget måtte få montert nye dekk og skaffe kjettingane som mangla før det fekk køyre vidare.
- Med så utslitte dekk er det ikkje noko veggrep, og faren for at dekka eksploderer er stor. Med farleg gods som last kan ein tenkje seg kva følgjer det vil kunne få, seier Henjesand.
Han legg til at så dårlege dekk på hengaren også innebere ein stor risiko for at hengaren sklir ut og smell i fronten på ein møtande bil.
Mange gebyr
Under kontrollen onsdag kveld vart 38 køyretøy kontrollerte med hovudfokus på vinterutrusting. I tillegg til vogntoget som vart stoppa i Flora, vart det også gitt køyreforbod til fire køyretøy ved trafikkstasjonen i Førde.
Det vart også skrive ut gebyr til fleire norske og utanlandske vogntog for dårlege dekk og manglande kjettingar.