Politiet reagerte på at bilen kjørte så sakte ...

Og det var kanskje ikke så rart!

Dette var sikta denne bilføraren hadde då han kom køyarande på E39. Foto: Politiet/firda.no/Amedia
Dette var sikta denne bilføraren hadde då han kom køyarande på E39. Foto: Politiet/firda.no/Amedia

Med tanke på stor temperatur-skilnad mellom natt og dag i tida som kjem, og fare for at det frys is på vindusrutene på bilane, ber UP-patruljen om at folk er flinke til å skrape vekk isen før bilturen startar. Det skriver firda.no

For dei har sett nok av tilfelle tidlegare i vinter, som har medført at bilførarar anten har blitt melde, eller at det har vanka bøter. Dessutan er det mange som har fått munnleg advarsel fordi sikta har vore for dårleg.

Den verste

Noko av det verste UP-patruljen har opplevd når det gjeld manglande skraping av is, kom på E39 i Førde for ei tid sidan.

Utrykkingspolitiet var eigentleg ute på ein fartskontroll, då dei målte ein bil til berre 16 kilometer i timen.

– Så lenge dette var i ei 60-sone, så vart eg så overraska over denne farta at eg fann fram kikkerten for å sjå nærare på føraren, fortel overbetjent Einar Vereide i UP og vedgår at det synet som møtte han, har han aldri opplevd tidlegare.

– Omtrent heile frontruta var kvit av is/snø, og eg såg ikkje at det var folk inne i bilen. Og bilen kom på den sterkt trafikerte E39, seier Vereide og gav melding til kollega og politibetjent Kåre Toreid over sambandet om at bilen måtte stoppast.

Lita stripe

– I følgje kollegaen min så var det ei bittelita stripe nedst på ruta som var isfritt, seier Vereide og fortel at det dette medførte beslag av førarkort og at saka vart meldt vidare.

I tillegg til denne hendinga, har denne UP-patrulja i Fjordane gjennom vinteren stoppa fleire bilar på E39 som har hatt nedisa ruter.

– I tillegg til førarkort-beslag og at førar har blitt meldt, så har vi fleire som har fått bøter på 2000 kroner i forenkla førelegg. Dette er bot-satsen for manglande skraping. I særleg grove tilfelle reagererer vi med å melde skaka vidare eller melde inn med førarkortbeslag, seier Vereide og ber bilistane no i vårmånadane vere merksame på dette fenomenet.

Bruk tid

– Vi går no inn i ein periode med stor temperatur-skilnad på natt og dag, og stor sjanse for at det vert is på bilrutene. Bruk difor nok tid på å fjerne denne isen før bilturen startar, og ikkje ta unødige sjansar. For kravet til førar er veldig klart på dette området: Det skal ikkje vere noko som hindrar fri sikt. Og ikkje minst skal det vere isfritt på siderutene heilt bak til B-stolpen, seier Vereide og viser til at UP kjem til å følgje godt med.

– Dårleg sikt kan få dramatiske konsekvensar, og det finst ikkje unnskyldingar som om at ein har dårleg tid eller anna. Få vekk isen før bilturen startar, er Vereide sitt klare råd.

Flere bil og motorsaker fra firda.no finner du her: 

Les også: Sjelden superbil funnet etter 35 år på en låve