Vent litt, eg må berre ha noko på leppene. Då ser tennane kvitare ut, veit du, seier Sigrid Rismyr Svalastog før ho gjer seg klar for fotografering. (Foto: Kristin P. Romtveit, ta.no/ANB)
Vent litt, eg må berre ha noko på leppene. Då ser tennane kvitare ut, veit du, seier Sigrid Rismyr Svalastog før ho gjer seg klar for fotografering. (Foto: Kristin P. Romtveit, ta.no/ANB)

Opel Rallye Kadett: Sigrid har eid sin klassiker i 45 år!

- Det er ikkje mange av disse på vegen lenger, smiler den stolte eieren.

I 1995 hamna Sigrid Rismyr Svalastog frå Grungedal i bladet «Vi menn». Ikkje som midtsidemodell, men ved å vise fram sin sjeldne 67-modell Opel Rallye Kadett, skriver Ta.no.

Grunnen til at bilen hennar hamna i ein artikkel i «Vi menn» var at vekebladet hadde laga ein presententasjon av ulike Opel-modellar. Då Sigrid blei merksam på at dei hadde gløymt å presentere Rallye-modellen ho sjølv hadde ståande i garasjen, kontakta ho redaksjonen i bladet, som raskt retta opp bommerten ved å laga ei eiga sak på bilen hennar.

Kortdistanse

- Eg har ikkje rekt å vaske han inni enno altså, orsakar Sigrid.

Det er andre gongen i vår at ho køyrer bilen ut av garasjen der han har stått lagra gjennom ein lang vinter.

- Sjå. Sambygdingen min, Øyvind Kili, har pussa opp felgane. Blei dei ikkje bra?

Sigrid opnar opp døra på førarsida. Bak rattet i teak syner panelet ein kilometerstand på 159.748.

- På 45 år?! Snakkar me for det meste kjipp-køyring her, eller?

Sigrid ler.

- Stort sett det, ja. Bortsett frå ein tur til Sverige, ein til Trondheim og nokre turar til Oslo.

Ho set seg bak rattet.

- Og sjølvsagt ein del turar til Skien. Elles har bilen berre gått innanfor Vinje kommune, ja.

Ho smiler, blunkar lurt og fortel at ho har køyrd til mang ein dansefest i byen.

- På tidleg 70-tal og framover var det skikkeleg uteliv i Skien. Herremann, så moro me hadde det, mimrar dama som er open om det meste. Bortsett frå ein ting.

- Du må ikkje skrive kor gamal eg er i avisa altså.

- Gjer det noko då, så godt som du held deg?

Sigrid tenkjer litt.

- Okei då. Du kan skrive at eg er fødd i 1928. Så kan folk rekne sjølve, seier ho med glimt i auga.

Bildilla

- Har du sett dette då?

Sigrid smiler lurt og nikkar mot merket på dashbordet medan ho smetter eit par velstelte hendar inn i køyrehanskane.

«Forbudt å kysse føreren når bilen er i gang».

Sigrid har eit utal hjulkapslar som veggpryd i garasjen sin. Denne sommaren er 83-åringen klar for å ta sin sylvgrå Opel Rallye Kadett ut på vegen for 45. året på rad. (Foto: Kristin P. Romtveit, ta.no/ANB)
Sigrid har eit utal hjulkapslar som veggpryd i garasjen sin. Denne sommaren er 83-åringen klar for å ta sin sylvgrå Opel Rallye Kadett ut på vegen for 45. året på rad. (Foto: Kristin P. Romtveit, ta.no/ANB)

Interessa for bil har Sigrid hatt sidan ho var ung jente.

- Eg var ei sportsjente då au ser du, smiler ho og set nykelen i tenninga.

På sommaren dreiv foreldra hennar med gardsturisme. Ein dag køyrde ein låg, knallraud sportsbil inn på tunet.

- Trur eg var femten-seksten år. Eigaren gav meg lov til å sitje bak rattet og starte bilen. Då var det gjort, fortel ho og ler.

I 1956 reiste ho så til Skien for å ta sertifikat.

- Eg hadde køyrd mykje med både bror min og vener, så det var ikkje mange timane eg trong, smiler ho.

Etter å ha seld tømmer som ho fekk av far sin, hadde Sigrid nok pengar til å kjøpe sin fyrste bil i 1957 – ein mørkeblå Volvo PV til 19.500 kroner. Etter 10 år bytte ho PV’n inn i den sylvgrå sportsbilen ho nett har sett seg inn i.

- Skulle eg bytt bil, så ville eg hatt akkurat maken til den eg har no. Men det er plent umogeleg å få tak i, så då får eg berre behalde den eg har, smiler ho.

- Reparerer du bilen sjølv, eller?

- Å nei, nei. Eg ser berre på utsjånaden eg, svarar Sigrid kjapt, medan ho manøvrerar bilen i rett posisjon for fotografering.

Les flere bil- og motorsaker fra ta.no her:

Les også: Opel GT - dette var Rallye-Kadettens smekre storesøster