Må betale 15 000 etter farlig forbikjøring

Skulle kjøre forbi kamerat - så gikk det galt.

Illustrasjonsfoto (Foto: Scanpix)
Illustrasjonsfoto (Foto: Scanpix)

Ein mann i starten av 30- åra frå Nordfjord må betale 10.000 kroner i bot og må punge ut med 5.000 kroner i sakskostnader etter at han blei hardt skadd i ei forbikøyring for nær to år sidan, skriver firda.no

Farleg forbikøyring

Mannen fekk bot etter ulykka grunna aktlaus køyring, men nordfjordingen nekta å godta denne. Difor hamna saka nyleg i Fjordane tingrett.

Det var den 13. september i 2008 at nordfjordingen og to kameratar la på hjul frå Esso-stasjonen på Byrkjelo i retning Flølo.

Og det var her det gjekk gale. Nordfjordingen gav full gass for å ta igjen kameraten som køyrde framfor seg, men forbikøyringa gjekk alt anna enn bra og i den krappe svingen i enden av langstrekkja ved Flølo, kom dei to bilane bort i kvarandre.

Omfattande skader

Nordfjordingen, som skal ha hatt svært høg fart, mista kontrollen over bilen, fekk skrens og bilen hamna på taket i grøfta.

Han fekk omfattande skader etter ulykka og blei frakta til sjukehus i luftambulanse.

- Kunne gått mykje verre

Påtalemakta konkluderte med at nordfjordingen handla uaktsamt og braut vegtrafikklova septemberdagen i 2008. Fjordane tingrett sa seg einig i dette då saka nyleg var oppe.

Retten meiner ulykka kunne fått langt meir alvorlege konsekvensar enn den gjorde.

Mannen blei også dømt til å vere utan lappen i fem månader, men sidan han har vore utan sertifikatet etter ulykka, har han oppfylt denne delen av straffa.

Se flere saker fra Firdas motormagasin her: