Kurt Henriksen har samla registreringsskilt i over 30 år. (Foto: JONN KARL SÆTRE, KVINNHERINGEN  )
Kurt Henriksen har samla registreringsskilt i over 30 år. (Foto: JONN KARL SÆTRE, KVINNHERINGEN )

Kurt har flere hundre bilskilt

Sjekk denne garasjeveggen!

Henriksen bur på Sæbø og er kjent som humørfylt hytteformidlar. Skilt-manien er ikkje like kjent, men heldig er den som får vera med inn i den ryddige garasjen. Det skriver kvinnheringen.no

Eine langveggen er eit eventyr av bilskilt frå heile verda. To-tre hundre registreringsskilt er skrudd sirleg opp på veggen. Skilt frå samtlege statar i USA er ramma inn, og utgjer den mest fargerike delen av samlinga. Men elles er det godbitar over alt, og Henriksen har ei historie knytt til dei alle fleste skilta.

Kjøpte det første i 1981

– Eg hugsar mange av historiene om korleis eg fekk fatt i det eller det skiltet. Og skulle hugsen svikta, har eg notert litt bakpå kvart skilt – stikkord om kva tid og korleis, fortel skiltsamlaren.

Det heile starta då Henriksen var FN-soldat i Libanon. Under eit besøk i Beirut i 1981, kjøpte han sitt første registreringsskilt. Seinare balla det på seg.

– Kvifor så mange skilt frå USA?

– Dei er fine å sjå på, lette å få tak i og eg har reist mykje i USA. No er det elles blitt lett å bestilla skilt via internett, fortel Kurt Henriksen.

Skilt (Foto: Jonn Karl Sætre )
Skilt (Foto: Jonn Karl Sætre )

Mangel på stål

Han peikar og fortel om den eine samlar-godbiten etter den andre. Eit rustent skilt som skriv seg frå eit tysk militærkøyrety under andre verdskrig, vart funne i jorda ein stad i Polen. Eit anna krigsminne er eit pappskilt frå Illionois 1944:

– Mangel på stål, forklarar Henriksen.

Han har òg skilt frå Micronesia og andre land me ikkje høyrer mykje frå. Nyleg vart samlinga krydra med nokre nye skilt, mellom anna eit militærbilskilt frå det ikkje lenger eksisterande Aust-Tyskland.

– Volks Armé, står bokstavane for, forklarar Henriksen

Ønsker kontakt med andre samlere

På grunn av tett kontakt med tyske turistar som gjestar Halsnøy-hytter, har samlinga fått mange tyske skilt dei siste åra.

– Nyleg besøkte eg ein tyskar som har rundt 3000 skilt i samlinga si. Eg blir ein smågut med mine 300–400, ler Henriksen som ikkje har samla nok.

Registreringsskilt frå Cuba og andre eksotiske godbitar står på ønskjelista.

– Er det andre samlarar som vil byta, eller folk som har eit spennande skilt som treng ein god heim, er det berre å ta kontakt, oppmodar Henriksen.

Flere bil og motorsaker fra kvinnheringen.no finner du her:

Les også: Bli med hjem til en ekte entusiast