pr vest buss2 (Foto: Vest Buss)
pr vest buss2 (Foto: Vest Buss)

Klart for et nytt norsk buss-eventyr

De skal produsere spesialbusser - i Stryn.

Lokale investorar kjøper ut delar av Vest Buss Industri AS, og satsar på produksjon av spesialbussar i Stryn. Det skriv firda.no.

Måndag blei partane einige om å kjøpe aktiva og rettar knytt til deler av bussproduksjonen i selskapet, heiter det i ei pressemelding.

Les også: 100 tilsette kan miste jobben

Kan vere håp for bussfabrikken

Produksjonen vil starte opp i løpet av første kvartal neste år, og auke gradvis utover i det komande året.

Spent på marknaden

Leiar for den nye verksemda vert Jon-Rune Heimlid, som i dag er adm.dir. i Vest Buss Industri AS.

- No kan deler av arbeidsstokken sjå fram til å mønstre på eit nytt selskap, og dei vil og bli invitert med på eigarsida. No set vi ny kurs framover og ser med spenning og forventning fram til å teste responsen i marknaden, seier Jon-Rune Heimlid i pressemeldinga.

Spesialbussar

- Investorgruppa har tru på at det er mogeleg å drive lønsam bussproduksjon i Stryn – men då på ein annan måte enn før. Den nye verksemda vil leggje ein strategi der ein omstiller produksjonen til spesialbussar, som er eit område miljøet i Stryn har god kompetanse på. For å få dette til må drifta leggjast på eit redusert nivå i forhold til tidlegare år, både målt i talet på bussar og i talet på tilsette, seier påtroppande styreleiar og representant for investorgruppa Arild Bødal i pressemelding.

Han presiserer at dei vil trenge neste år på å omstille seg og at målet er å skape lønsam drift frå 2012.

Ny strategi

Investorgruppa vil vidare etablere eit nytt heileigd dotterselskap som skal starte bussproduksjon med ein annan strategi enn i dag. Den lokale investorgruppa består blant anna av Nomek AS, Fjord Invest Sørvest AS, private investorar og tilsette ved Vest Buss Industri. Den nye verksemda startar opp i januar 2011.

Vest Buss Industri har vore ein leiande produsent av bussar til den skandinaviske marknaden med ei omsetning på 200 mill NOK i 2009, men svak lønsemd dei siste åra gjorde til at eigarane i oktober i år vedtok å avvikle drifta frå januar 2011.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Nei - denne bussen kommer ikke imot deg!