Her endte den ville bussferden

Gasspedalen hengte seg opp - braste inn i vegg og tok fyr.

Firda sak II (Foto:  Idar Stadheim, firda.no/ANB)
Firda sak II (Foto: Idar Stadheim, firda.no/ANB)

Det var litt over klokka ni at bussen kom durande inn i verkstadveggen ved Firda Billag.

- Vi veit ikkje så mykje endå. Det har skjedd ein teknisk feil på bussen, som gjorde at den tok av av seg sjølv, seier verkstadsjef Bjørn Johnsen til firda.no.

Var uråd å stoppe bussen

Han fortel at gasspedalen på bussen hengde seg opp, og at det ikkje var hjelp i å bremse ned bussen.

Bussen bygde då opp fart, og kolliderte i verkstadveggen mot vegen ved Best bensinstasjon. Samanstøyten var kraftig nok til å øydeleggje store delar av verkstadveggen, og det starta samstundes å brenne i frontpartiet på bussen.

Denne brannen greidde verkstadarbeidarane ved Billaget å sløkkje sjølv, og dei største skadane skjedde på bussen og lokalet.

Ingen personskadar

- Vi skal vere glade for at det ikkje er skjedd nokre personskadar. Men vi kan ikkje seie så mykje meir før vi har fått ein betre oversikt, seier verkstadsjefen.

Dagleg leiar ved Firda billag, Peter Midthun, kjem til staden samstundes med Firda. Han ser uhellet som eit mysterium.

- Det er utruleg at dette kan skje. Bussen miste kontrollen, og vi må finne ut kvifor det skjedde, seier Midthun, som fortel at dei no kjem til å informere Arbeidstilsynet.

Han er også letta og glad for at bussen ikkje pressa seg ut i vegbana utanfor.

- Det er store materielle skader på bussen og lokalet, men det får vere. Det viktigaste no er at ingen har komme til skade, seier han.

Les flere bil og nyheter på motormagasinet til Firda her

SE VIDEO: Greyhound-buss: Dette er rett og slett galskap!