Falt på isen - bulket bilen

Du trenger ikke kjøre for å skade bilen.

firda bulk (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)
firda bulk (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)

– Hadde eg hatt ein splitter ny BMW, hadde eg blitt temmeleg sur, seier 21 år gamle Jardar Venås frå Sande i Sunnfjord, til Firda.

Slik fortel han om hendinga måndag i ettermidagstider:

– Eg hadde parkert bilen hos mor mi. Ho ringde og åtvara om at det var glatt. Eg skulle på jobb ut på ettermiddagen, og hadde nett skifta om til arbeidsklede. Eg stressa ut frå mor mi sitt hus og mot bilen. Då datt eg på ræva like framfor venstre bilside. Beina mine trefte rett i bilen, seier Venås, som har valt å sjå humoristisk på det heile.

– Litt sjølvironi må eg jo ha, men eg kjenner eg har vondt i ryggen i dag, seier han lattermildt.

95-modell Mondeo

Og han klarte ikkje gjere anna enn å le då han låg på bakken framfor bilen sin, ein Ford Mondeo 95-modell, som han har eigd i eitt år.

Bilsida har fått fleire tydelege bulkar etter fallet på glattisen i Gaular.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva bulkar som kom etter fallet, men nye vart det i allefall.

Han er ikkje så redd for bilen sin, og trur ikkje han kjem til å bruke tid på å fikse den opp.

Blanke isen

Og nokon tips til andre som er på full fart til bilen har han:

– Gå forsiktig, så slepp du å bli oppringt av Firda, he-he, seier han humoristisk.

Fallet synest han var så morosamt at han publiserte saka på Facebook-statusen sin like etter.

– Det var blanke isen, med litt snø på toppen, fortel 21-åringen, som har no fått erfart, på den harde måten, at ein ikkje treng sitje bak rattet eller stå i nærleiken av andre bilar for å få skade på køyretøyet.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Denne karen er Broom-mester i uflaks