DYRT VRAK: Bilen til Bjarne Bjørnestad av typen Volvo 244 DL kosta 64.000 kroner då den var ny i 1978. I dag er bilen verdt 65.000 kroner ifølgje Skatt Vest. (Foto: Gunnar Kleven, sognavis.no/ANB)
DYRT VRAK: Bilen til Bjarne Bjørnestad av typen Volvo 244 DL kosta 64.000 kroner då den var ny i 1978. I dag er bilen verdt 65.000 kroner ifølgje Skatt Vest. (Foto: Gunnar Kleven, sognavis.no/ANB)

Dette vraket er verdt 65.000 kroner

Det mener i alle fall Skatteverket - eieren rister bare på hodet.

– 78-modellen står i likninga oppført med ein verdi på 65.000 kroner, seier Bjarne Bjørnestad og slengjer på eit generøst tilbod:

– Volvoen er til sals for tilsette i Skatt Vest, kjøparen får bilen for 50.000 kroner. Eit røvarkjøp spør du meg.

Volvo på sitt beste

Bileigaren er ikkje skråsikker, men meiner Volvoen, typen 244 DL, hadde ein utsalspris på 64.000 kroner i 1978. No er veteranen tusenlappen dyrare. Forstå det den som vil!

EU-kontrollane har aldri skapt plunder for Bjarne Bjørnestad.

– Eg har aldri hatt rimelegare bil. Litt hissig på bensinen, elles har bilen vore ypparleg, og eg har ikkje lagt ut ei krone på verkstadutgifter, seier han til Sogn Avis.

Vil sjekka

Volvoen skal inn att til sjekk i april, og då ligg det kanskje an til avskilting.

– Eg likar ikkje holet i skjermen. Rusta kom temmeleg kvikt med turane innover til dottera som bur i Marifjøra. Saltlaken på vegane i Sogndal fer stygt åt med bilparken, seier Bjarne Bjørnestad.

– Kjem du til å klaga på post 4.2 i sjølvmeldinga: Innbu/ lausøyre, bil, MC, båt o. a.?

– Eg ringjer skattekontoret ein av første dagane. Den heilt store formueskatten er det vel ikkje snakk om i dette tilfellet, likevel vil eg sjekka fordi det undrar meg at vraket er verdsett meir enn då den var ny, seier Bjarne Bjørnestad, som kjøpte bilen i 1987.

Del med Facebook-vennene dine

Stemmer ikkje

Skattevesenet kjenner ikkje til denne konkrete saka og syner til lovverket som seier at formuesverdien for bilmodellar frå 1982 til 1995 skal setjast til 1.000 kroner.

I tilfellet det her er snakk om, er verdien sett til 65.000 kroner – for ein 78-modell.

– Det harmonerer vel ikkje?

– Verdien kan bli så høg dersom eigaren har lagt ned stor restaureringsinnsats.

– Eigaren har ikkje løfta ein finger, karosseriet er gjennomrusta fleire stader og bilen er eigentleg moden for skraphaugen.

– Då er det noko som ikkje stemmer. Eigaren kan opplysa om dette med ein kommentar på sjølvmeldinga, opplyser skattekontoret, til Sogn Avis.

LES OGSÅ: - Er billigdekk like bra som de dyre?