- Dette er mildt sagt frekt

Tyver tok med seg fronten, men lot bilen stå igjen

Begge frontlyktene var stolne frå denne Golfen som stod på ein parkeringsplass i eit bustadfelt på Vie i Førde. Foto: Yngve Årdal/firda.no/ANB
Begge frontlyktene var stolne frå denne Golfen som stod på ein parkeringsplass i eit bustadfelt på Vie i Førde. Foto: Yngve Årdal/firda.no/ANB

Ei kvinne i Førde hadde god grunn til å sperre opp auga då ho kom ut til bilen sin fredag, melder firda.no

I løpet av natta er det nokon som har fjerna begge frontlyktene frå bilen hennar og stukke av med dei. Tjuveriet har skjedd på ein parkeringsplass i eit bustadfelt på Vie i Førde.

Frykta tjuveriraid

- Dette er mildt sagt frekt og veldig sært. Den eller dei som har stole lyktene har vore målbevisste, og skulle ha lykter til denne type bil, seier politibetjent Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet fekk telefon frå bileigaren fredag morgon, og frykta at dette tjuveriet kunne vere ein del av eit tjuveriraid.

Politiet har vore på staden og sikra spor. Dei er interesserte i tips frå publikum. Foto: Yngve Årdal/firda.no/ANB
Politiet har vore på staden og sikra spor. Dei er interesserte i tips frå publikum. Foto: Yngve Årdal/firda.no/ANB

- Frå tid til anna skjer det at det er innbrot av same type i same området. Derfor frykta vi at telefonen frå kvinna var den første av mange telefonar om liknande tjuveri. Men førebels har det ikkje komme fleire, seier Malterud.

Liknande sak i fjor

- Det er forholdsvis sjeldan at det blir stole lykter på denne måten, men det var faktisk ei liknande sak i same området for ganske nøyaktig eitt år sidan, seier Malterud.

Politiet har vore på staden og sikra spor. Dei er svært interesserte i tips frå publikum, dersom nokon har lagt merke til noko.

Bilen som har fått fjerna lyktene er ein ganske ny Golf, som var utstyrt med xenon-lys.

Les mer om bil og motor på firda.no

Se også: Denne lyspæra koster 3500 kroner