Ein brøyebil hamna i fjæresteinane i Jølstravatnet måndag morgon.  (Foto: Sissel Iren Skjerdal,firda.no/ANB)
Ein brøyebil hamna i fjæresteinane i Jølstravatnet måndag morgon. (Foto: Sissel Iren Skjerdal,firda.no/ANB)

Da skjønner du at det er glatt

Her endte brøytebilen - halvveis ute i Jølstravatnet.

Mange sperra opp augene då dei køyrde på vegen langs sørsida av Jølstravatnet måndag morgon. På Sandalsstranda hadde nemleg ein brøytebil hamna utfor vegen og låg på taket i vatnet. Det skriv firda.no:

- Bilen skar utfor vegen, seier Stein Arne Sunde, som er leiar i entreprenørfirmaet som har brøytejobben på vegen langs sørsida av Jølstravatnet.

Del med Facebook-vennene dine

Står bra til

Han meiner det ikkje er ei stor sak, og fortel at alt står bra til både med sjåføren og sannsynlegvis også bilen.

- Vi satsar på å få lagt han tilbake på hjul om kort tid, og reknar med at vi får bilen tilbake på vegen, seier Sunde.

Ikkje ekstremt glatt

Han opplyser at det er litt sørpe på vegen som bilane bryt gjennom, men legg til at det ikkje er ekstremt glatt på vegen.

- Men det er jo slik når det er snøfall at det er ein eller annan som hamna utfor vegen. Denne gongen var det oss, seier Sunde.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

Denne må du få med deg: Her er det sinnssvakt glatt!