#

2SITERT

Kvinnene tek nesten alt

Kvinnene tek nesten alt
Jon Hustad tar sats og kliner til mot damene. Fredag er det han alene mot tre feminister i debatten på Underhuset på TV 2 Nyhetskanalen kl. 18.00 fredag.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvart år, om ikkje fleire gonger i året, flammar debatten om sjukeløna opp, sist no då lækjaren Jørgen Skavlan hevda at det var altfor lett å få sjukemelding i Noreg og at vi nordmenn er «sutrete». Men heller ikkje han var viljug til å identifisera elefanten i romet. Det er nemleg ikkje nordmenn som er sutrete, det er norske kvinner som det er.

Det norske stortinget innførte full sjukeløn i 1977. Fram til då var det ingen skilnad mellom kor mykje norske kvinner og norske menn sjukemelde seg. Men straks og med ein gong kvinnene fekk full sjukepengar, byrja avstanden mellom menn og kvinner å auka.

No ligg sjukefråveret til kvinner nær 80 prosent over menn.

Handlar ikkje om born

Og nei, det handlar ikkje om at norske kvinner driv med mykje meir dobbeltarbeid ute og heime enn norske menn. Tidsbruksundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at menn arbeider like mykje eller meir enn kvinner sjølv om vi tek med husarbeidet. Kvinnene har jamt og trutt redusert tida dei er i lønsarbeid og har i dag kome ned i sekstimars-dag. Kvinner er i løna arbeid 30,7 timar per veke, menn 37 timar.

At kvinner får born, er heller ikkje ei forklaring: Kvinner fekk born før 1977 også, og SSB-statistikken syner at kvinner har den same sjukemeldingsfrekvensen før dei får born som etter. Det òg slik at kvinner utan born ligg litt over kvinner som får to born i sjukemeldingar.

At kvinner arbeider i sliteyrker, held heller ikkje som forklaring. Om vi ser på menn som arbeider i helse- og omsorgssektoren, så er det om lag lite like sjukmelde som andre menn. I alle sektorar er det slik at kvinner sjukmelder seg langt meir enn menn, uavhengig av yrke. Det er altså kvinnene som er hovudproblemet når det gjeld sjukemeldingar, ikkje menn.

Får meir ut av statskassa enn menn

Men kvinnefordelane sluttar ikkje der, kvinner får systematisk meir ut av statskassa enn kva menn får. 70 prosent av dei tilsette i offentleg sektor er kvinner, og offentleg sektor har noko svært få lenger har i privat sektor, nemleg ytingspensjon. Ytingspensjon garanterer at ein får 66 prosent av bruttoløna i uførepensjon og alderspensjon, reelt sett 70 prosent sidan skattesatsane går ned når ein sluttar i arbeid. Dette er ei ekstremt dyr ordning for skattebetalarane. I gjennomsnitt gjev dette eit tillegg på løna i offentleg sektor på 16 prosent, seier KLP og KS; kommunane og staten må altså setja av 16 prosent av bruttoløna til pensjon.

I privat sektor nyttar ein 4 prosent av løna til pensjonar. Om offentleg sektor fekk den same ordninga som dei fleste i privat sektor har, kunne ein altså ha gjeve dei tilsette i offentleg sektor eit lønstillegg på 12 prosent utan at staten og kommunane måtte ut med meir pengar.

Men staten og kommunane må faktisk setja av meir pengar til kvinner enn til menn i pensjon, dei må setja av nær 20 prosent av løna, dette av di kvinner lever fire år lenger enn menn. Kvinner i offentleg sektor får utbetalt litt over 250.000 kroner i pensjon årleg. Der får dei altså ein million meir i pensjon enn menn med den same årlege pensjonen. Men alle kvinner lever i gjennomsnitt fire år lenger enn menn, så dei som berre får offentleg pensjon (minstepensjonen frå NAV er 180.000 i året), får også samla sett langt meir i pensjon enn det menn får.

Meir skatt for menn

Det stoggar ikkje der heller. For skatt er også avgjerande for kor mykje du sit att med i lønspungen, eller som Audun Lysbakken seier det «Kutt i (…) toppskatt vil være å omfordele fra kvinner til menn.» Dette grunngjev han med at redusert skatt vil vera å redusera offentleg sektor og offentlege overføringar – båe område har sterk kvinnedominans – og med at langt fleire menn betaler toppskatt enn kvinner. Dette har sjølvsagt Lysbakken heilt rett i. Men då må det gjelda andre vegen òg, at toppskatt er å overføra frå menn til kvinner. Tala er klåre: Tre av fire som betaler toppskatt, altså opp mot 50 prosent i skatt, er menn. Hovudgrunnen til at menn betaler mest toppskatt, er av di dei arbeider lenger enn kvinner og tek meir risiko for å verta oppsagde.

Men også menn som ikkje betaler toppskatt, betaler langt meir i skatt og avgifter enn kvinner, dette av dei menn arbeider lenger og har eit høgre forbruk av varer som er særs høgt skattlagde: bilar, drivstoff, alkohol og tobakk. Mykje av det som gjer at menn lever kortare og difor tek ut mindre pensjon, er det som gjev staten høgst inntekter.

No finst det ikkje kjønnsdelte tal for indirekte skatt, men for direkte skatt betaler kvinner berre 54 prosent av det menn gjer. Tek vi med arbeidsgjevaravgift, betaler kvinner under halvparten i skatt av det menn betaler.

Men desse inntektene igjen er det i hovudsak kvinner som nyt godt av. Dei store utgiftene for velferdsstaten er trygder, helse og omsorg. 11,1 prosent av kvinnene mellom 18 og 67 er permanent uføre, 7,9 prosent av mennene. I tillegg kjem det at altså at kvinner er nær 80 prosent meir sjukmelde enn menn. Om vi måler som del av den yrkesaktive folkesetnaden og nyttar SSBs definisjon, vert biletet endå meir skeivt: 70,3 prosent av menn mellom 18 og 74 er i arbeid, 65,0 prosent av kvinnene. Oppsummert: Færre kvinner arbeider enn menn, dei arbeider kortare, betaler inn mindre skatt, men hentar ut meir trygder enn menn.

Fleire kvinner tek høgre utdanning

Men om vi ser bort frå løn og trygder og konsentrerer oss om offentleg tenester, kva slags bilete får vi då? Jau, også der tek kvinner ut langt meir enn menn. Langt meir av inntektene til staten og kommunane går til tenester som kvinner nyttar seg av, enn menn. For offentleg sektor er vi dyrast når vi tek høgre utdanning, og – for å seia det rett ut – når vi er i ferd med å døy: Kvinner tek meir utdanning og nyttar mykje lenger tid på å døy enn menn.

I 2014 var det 110.000 menn som tok høgre utdanning og 163.000 kvinner. No er det positivt at dei unge tek høgre utdanning, men det har òg ei kostnadsside.

OECD måler verdien av utdanning gjennom avkastning for staten. Dersom utdanninga fører til klårt høgre løn, vil staten samla sett få inn meir skatteinntekter, men OECD har i hovudsak ikkje funne at utdanning av norske kvinner gjev avkastning for staten.

Men den aller høgste utgifta ved å leva kjem på slutten av livet. Dette ser vi på bruken av sjukeheimsplassar: 80 prosent av dei som får pleie på omsorgsinstitusjon, er kvinner. Ein sjukeheimsplass kostar over 1,2 millionar i året. Om vi seier at dei som bur på sjukeheim, betaler 200.000 i året (i røynda er det nok mindre brukarbetaling), vert nettokostnaden for offentleg sektor, altså skattebetalarane, 1 million kroner i året. 80 prosent av desse utgiftene står kvinnene for.

Kvinner er den store vinnaren

Det er òg kvinner som utfører pleia. 95 prosent av dei som arbeider på sjukeheim, er kvinner. Heile auken i kvinners arbeidsdeltaking skjedde i røynda i eitt kort jafs. I 1970 var 45 prosent av kvinnene mellom 15 og 74 i lønsarbeid, i 1987 var det same talet 63 prosent. Marsjen inn i arbeidslivet for kvinner var i hovudsak ein funksjon av at eldreomsorg og barneoppseding gjekk frå å vera noko som gjekk føre seg ulønt heime til å verta lønt på institusjon eller i heimesjukepleia. Dette igjen førde til at skatten på inntektene til menn gjekk kraftig opp, medan kvinner gjekk frå å vera ulønte til å verta lønte av offentleg sektor. Men det auka neppe den samla velstanden i samfunnet i særleg grad.

Mykje av det same ser vi i bruken av helsetenester. Før var lækjarar menn som i sa nei til sjukemeldingar, no er lækjaryrket i ferd med å verta eit kvinneyrke, og dei som nyttar lækjartenestene, er òg mykje kvinner. I aldersgruppa 45 til 64 går kvinner til lækjar 50 prosent meir enn menn.

Ein tentativ konklusjon er vel at kvinner er den store vinnaren både når det gjeld pengebruk og tenester. Det viser seg òg att i korleis kvinner røystar. Om det var opp til kvinnene, ville vi aldri hatt borgarlege regjeringar her til lands.

Enkelt sagt: Den statistiske kvinna ser ut til å prioritera meir fritid, velferdstenester og helse, den statistiske mannen prioriterer å finansiera kvinnene.

Lik TV 2 Nyhetene på Facebook