#

2SITERT

Det kan faktisk vere at Phelps aldri har vore bedre enn det han er no

Michael Phelps har aldri svømt fortare 100 meter fri enn han gjorde då han tok sitt 19. OL-gull. Er det eit reelt varsel om formen, kan det bli fem (!) gull til med fullklaff.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sjå Michael Phelps' innleiande heat på 200 meter butterfly på TV 2 og Sumo mandag frå kl. 18.

Eg og medkommentator Fin Gnatt var samstemde før svømminga starta frå OL i Rio:

«Dette kjem til å bli tidenes beste svømmesterskap.»

Vi tenkte på kvaliteten i bredda, og på verdsrekordane vi kunne sjå for oss. Men det vi har fått oppleve til no kunne vi nok ikkje heilt vente oss.

Der tøffare å nå semi- og finaler enn nokon gong tidlegare, og somme av prestasjonane til dei aller, aller beste manglar sidestykke.

Somme svømmarar flyttar sine øvingar inn i ein ny dimensjon: Katinka Hosszú på 400 meter medley, Adam Peaty på 100 meter bryst, Katie Ledecky på 400 meter fri og ikkje minst den svenske yndlingen Sarah Sjöström på 100 meter butterfly.

Natt til mandag fekk vi også sjå Michael Phelps ta sitt første OL-gull i desse leikane, og sitt 19. totalt. Det er monumentalt i seg sjølv, men prestasjonen til Phelps bærer også bud om meir edelt metall for tidenes mestvinnande olympier.

Det kan faktisk vere at Michael Phelps aldri har vore bedre enn det han er akkurat no.

GULLJUBEL: Michael Phelps etter 4x100 meter fri. FOTO: AFP PHOTO / CHRISTOPHE SIMON
GULLJUBEL: Michael Phelps etter 4x100 meter fri. FOTO: AFP PHOTO / CHRISTOPHE SIMON Foto: Christophe Simon

Det er tidlig å felle dommen, men 31-åringen svømte si etappe på 4x100 meter fri-stafetten på 47,12. Det er det raskaste han nokon gong har svømt ein slik etappe på.

Det var den fjerde beste etappetida av alle 32 supersprintarane som svømte for dei åtte finalelaga. Foran han: Nathan Adrian (46,97), Cameron McEvoy (47,00) og Jeremy Stravius (47,11). Alle tre medaljekandidater på 100 meter fri individuelt, Adrian og McEvoy er dei store gullfavorittane.

Vendinga han gjorde etter 50 meter, då han gjekk frå å ligge 13 hundredelar bak franske Fabien Gilot til å ligge ei halv kroppslengde foran, var kanskje karrieras råaste.

Det seier ikkje så reint lite om ein mann som hadde det som varemerke å knuse konkurrentane med sitt gode undervannsarbeid i dei avgjerande vendingane.

Sjå etappen i videovinduet øverst.

Kicking, som det heiter på svømmespråket, under vatn går fortare enn vanleg svømming i overflata om ein beherskar det godt. Dette på grunn av at det er mindre motstand når heile kroppen er under vatn enn akkurat i vasskorpa. Svømmarane er avgrensa til 15 meter etter stup og vending, slik at ein ikkje risikerer at nokon svømmer heile lengder under vatn. (Det ville ikkje vore heilt heldig for svømming som publikumsidrett.)

Phelps har alltid vore ein mester til dette aspektet av svømminga, ikkje minst på høgda av karriera i 2008 då han tok rekordmange åtte gull i eit og same OL.

Men det er krevjande ettersom det betyr mindre pusting og mindre oksygen til kroppen. Det stiller krav til at ein gjer treningsarbeidet om ikkje melkesyra skal kome raskt.

Fram mot OL i London er det viden kjend at Phelps tok litt lettare på timane i bassenget. Derfor hadde han ikkje den same evna til å holde koken i undervassvømminga etter vendingane – og var ikkje like suveren som før.

Det vi såg i natt ga flashback til Phelps anno 2008. Det minna veldig om «Superfish».

Det stemmer overens med rapportane om at 31-åringen er meir veltrent, og i tillegg i meir mental balanse, enn nokon gong. Og då er eigentlig berre spørsmålet: Kor mange gull står ved Michael Phelps' namn etter OL i Rio?

Dersom 100-meteren er eit reelt frampeik på formen, og ikkje berre eit blaff, kan svaret fort vere 24.

Tirsdag svømmer Michael Phelps sin første individuelle øvelse: 200 meter butterfly, der revansjelysten er stor etter sjokknederlaget for Chad Le Clos i London. Seinare i mesterskapet deltar han også på 100 meter butterfly og 200 meter medley, begge øvingar han kan vinne for fjerde OL på rad. Det har ingen klart før han.

Han har tøffe konkurrentar, det blir ingen utklassingssigrar a la Ledecky, Hosszu og Peaty, men det treng det heller ikkje vere.

I tillegg til desse tre svømmer han garantert 4x100 meter medley for USA, ein stafett amerikanarane er storfavoritt til.

Om han vil får han trulig ein plass på 4x200 meter fri-laget også. Han er i utgangspunktet ikkje kvalifisert, ettersom han ikkje svømte 200 meter fri i det amerikanske OL-uttaket, men det gjorde han ikkje på 100 meter fri heller.

Det er i alle fall ikkje tvil om at det var rett å sette han på laget på nattas stafett.

Utfordringa er at 4x200 meter fri går same dag som finalen på 200 meter butterfly (natt til onsdag). Phelps er eldre, og har kanskje ikkje same restitusjonsevna som før. Kanskje vurderer han at det er bedre at andre svømmer, men vil han, så får han lov.

Svømminga til Michael Phelps handlar om lyst og glede no, til skilnad frå 2012 då han ikkje trudde han hadde noko alternativ.

Som nybakt far har Baltimore-guten fått eit nytt perspektiv på livet, men etter det amerikanske uttaksstevnet var Phelps klar på kva han ønska seg meir enn noko anna av dei siste vekene av karriera.

– Det er helvetes lenge sidan eg sette ein personlig rekord. Forhåpentlig kan eg klare det i løpet av dei fire vekene som er igjen, seier Phelps .

Klarar han det, betyr det ikkje berre gull. Det betyr med all sannsynlighet verdsrekord. For ein sorti det ville vore.

Lik TV 2 Sporten på Facebook