SETTER ORD PÅ DET: Dikteren Jon Hjørnevik, fra bygda Hjørnevik mellom Voss og Bergen, setter ord på frustrasjonen til de tusener som bruker veien. 
SETTER ORD PÅ DET: Dikteren Jon Hjørnevik, fra bygda Hjørnevik mellom Voss og Bergen, setter ord på frustrasjonen til de tusener som bruker veien. 

Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»

«La oss løysa alle problem med meir av det som er prøvd før. Kom igjen. Fleire skilt». Les diktet til Jon Hjørnevik om skiltet som ikke hjelper mot steinras.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
ein trekant som varslar om stein,
eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
det varslar om fleire enn ein.

Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
med tre store steinar på veg,
Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
tenk om det rasar på meg.

Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
det skiltet er nokså vilt,
tenk om eg kjem i eit steinras,
det er lite trøyst i eit skilt.

Eg hatar vegskiltet «Fare for Steinras»,
det er ikkje sant det som står,
det burde heitt «Fare for gravstein»,
det er i grunn det du får.

Brått ligg eg der godt under torva,
med tre store gravsteinar på,
mens det står på kransen frå Staten,
Hjørnevik, me freista sei frå.

Av Jon Hjørnevik

STOPPER IKKE RASET: Jon Hjørnevik påpeker at dette skiltet ikke hjelper mot steinras. 
STOPPER IKKE RASET: Jon Hjørnevik påpeker at dette skiltet ikke hjelper mot steinras.