Krever erstatning etter at bilen ble seende slik ut

Fikk skader for 20.000 kroner.

Ein vegoppmerkingsbil frå Statens vegvesen, merka ikkje berre vegen, men også Trond Rønning Næsset sin bil. Foto: Privat
Ein vegoppmerkingsbil frå Statens vegvesen, merka ikkje berre vegen, men også Trond Rønning Næsset sin bil. Foto: Privat

Då Trond Rønning Næsset frå Jevnaker var på sin årlege ferietur på vestlandet for å besøke sambuaren sin familie i Askvoll, fekk han bilen sprøyta i kvitmåling.

– Eg tok brått igjen ein vegoppmerkingsbil, blinka og køyrde forsiktig forbi med ein gong, fortel Næsset.

Trudde ikkje det ville skade bilen

Dette var på strekninga Askvoll–Førde på fylkesveg 609, ein sein sommarkveld i juli. Næsset fortel at det ikkje var varsla om vegoppmerking tidlegare på strekninga, og hadde ikkje trudd at bilen hans ville ta skader frå det.

– Normalt så trudde eg at måling frå vegoppmerking stivna og tørka nesten med ein gong. Men det var litt seint på kvelden, og det var regn og vått i lufta, så er det ikkje sikkert målinga tørka slik som den skulle, seier Næsset.

Kvitmerka bil

At det ikkje berre var vegen som var blitt merka av kvitmåling, såg Næsset, til sin forarging, dagen etterpå.

– Det tok litt tid før eg oppdaga det. Vi nyttar ikkje bilen så mykje på ferie. Men då eg såg det vart eg oppgitt. Det er jo ikkje kjekt å få måling på bilen.

– Eg fekk ein del kvitmåling på innerskjermen av bilen, på dekk og felgar. I tillegg har lakken på høgre side og litt av bakdelen på bilen fått flekkar av kvitmåling på seg.

Forsikringssak

No krev han erstatning, då han ikkje sjølv har noko skuld i skadane. Trond har hatt bilen inne på verkstad og har fått ein stipulert takst på å fikse opp i griseriet.

– Det er ein ganske omfattande sum på om lag 20.000 kroner, fortel Næsset, og legg til at det er på grunn av at målinga er sprøyta på ulike delar av bilen.

Saka har gått over til forsikringsselskapet og ikkje er avklart endå.

Dårleg tørkevêr

– Vi pleier ikkje å skilte eller varsle på førehand, men det er skilt på lastebilane som utfører vegoppmerking og blinkande lys som informerer dersom det er arbeid på veg, opplyser Arne Magnar Haugland i Statens vegvesen.

Han forklarar at det normalt ikkje skal ta mange minutt før målinga er tørr og ein kan køyre på den, men at det i år, på grunn av dårleg vær og kjølige temperaturar gjer at målinga tørkar seinare.

– Ein kan då få sprut på køyretøy som køyrer på vegoppmerkinga. Det er svært viktig at trafikantar held seg innanfor vegoppmerkinga når denne vert lagt ut, og må ein skifte side eller køyre ut av vegen så må ein ha låg fart for å hindre sprut oppetter sidene på bilen, seier Haugland.

Likevel er det ikkje vanleg at bilar som køyrer bak vegoppmerkingsbilane tek skade av merkinga.

– Statens vegvesen erstattar ikkje tilgrisa køyretøy som har fått måling på seg. Det er i så fall entreprenøren sitt ansvar, fortel Haugland.

Les flere bilsaker i Firdas motormagasin her

Les også: Statens vegvesen: – Det verste vi har sett