19-åringen fikk ha førerkort i bare 11 timer...
Da var det brått slutt på moroa.
Politiet hadde kontroll på E39 ved Bergheim i Gloppen fredag. Der var det to som måtte parkere bilen etter å ha halde 119 og 121 kilometer i timen. Spesielt for ein av dei vart det nok ekstra surt.
Det kom nemleg køyrande ein 19-åring i 119 km/t, som naturleg nok vart stogga av politiet. Det uvanlege var at vedkommande hadde tatt førarprøve og fått sertifikat i dag tidleg. Det skriv Firda.
Slapp å ta seg bryet
– Klokka 09.25 skreiv biltilsynet ut eit mellombels førarkort til vedkommande, så dei slapp å ta seg bryet med å skrive ut eit skikkeleg, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ole Tom Nord.
Trafikkontrollen blei meld inn klokka 20.30.
Liten grunn til sympati
– Men han hadde nok ikkje sertifikatet i 12 timar. Det vart nok med elleve. Eit så raskt beslag har eg aldri høyrt om før, seier operasjonsleiaren.
At sertifikatet er ferskt, er rett nok liten grunn til sympati.
– Han har ikkje følgt godt nok med på trafikkopplæringa, og var neppe moden nok til å ha førarkortet, seier Nord.
Du kan lese mer om motor hos firda.no – her: