Se hva som dukket opp når snøen begynte å smelte. Foto: Svein Rune Kjøllesdal
Se hva som dukket opp når snøen begynte å smelte. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

Se hva som dukket opp da snøen smeltet

Her har den stått en stund!

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For dei som har farta over Utvikfjellet dei siste dagane, har det venta eit overraskande syn for den årvakne billist.Det skriv firda.no

På utkikkspunktet nedanfor Karistova dukka nemleg ein bil ut av snøen.

Bilen har tydelegvis hatt ein snøtung vinter over seg, og først då dei blå gradene kraup over 0 og snøen tok til å smelte, kom bilen opp i dagen.

– Eg har aldri sett liknande langs vegane, men eg har høyrt om tilfelle der bilar har forsvunne på den måten på parkeringsplassar, seier vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

Kan få rekninga

Han seier at det kan vere ein god ide for bileigaren å hente bilen som står der.

– Om ikkje kan han risikere at politiet kjem til staden, og får bilen fjerna, på eigaren si rekning. Dette er ikkje vegvesenet si sak, det er heller ei politisak. Ein skal ikkje bruke vegskuldrane som dumpingplass, seier Nedberge Hille.

Se video: Her er en annen bil som virkelig er nedsnødd!

No snur det

Vegtrafikksentralen har dei siste dagane fått mange telefonar om vegar som har hatt dårlege tilhøve.

– Vi gjekk ut i helga og frårådde folk å legge om til sommardekk. Det har vore tidvis vanskeleg køyretilhøve kring i fylket, og det var snø langt ned søndag, seier vaktoperatøren.

Men trass det dårlege vêret tidlegare i veka, trur han no dei som ser fram til å bli kvitt tikkinga frå piggdekka, går betre dagar imøte.

– Det er meldt ein del nedbør og låge temperaturar tysdag, men etter det ser det ut til å snu og bli mildare. Då ser det berre ut til at det kan bli få snøbyger høgt i terrenget etter det. Så no kan ein nok byrje å tenke på å finne fram sommardekka, men det er viktig å følgje med på vêrmeldingane, seier Nedberge Hille.

Flere bil og motorsaker fra firda.no finner du her: 

Les også: En av Norges mest solgte biler blir ny