– Det er svært sjelden vi ser så alvorlige feil

Se skrekkbildene fra nok en vogntog-kontroll.

Dette vogntoget fikk ikke kjøre videre etter at det hadde blitt kontrollert av Statens vegvesen. Og det er ikke så rart, for her var det MYE galt. Alle foto: Statens vegvesen
Dette vogntoget fikk ikke kjøre videre etter at det hadde blitt kontrollert av Statens vegvesen. Og det er ikke så rart, for her var det MYE galt. Alle foto: Statens vegvesen

Det er svært sjeldan ein ser så alvorlege feil, seier inspektør ved Statens vegvesen Svein Ove Salt.

I går kveld tok han skilta av ein polsk semitrailer, som det var meir feil enn rett med. Semitraileren vart stoppa under tungbilkontroll og fekk køyrenekt på staden.

– Vi såg ein masse raude varsellamper, og han var tung nok til å ta ein skikkeleg bremsekontroll, då fann vi alvorlege feil, seier Salt til Firda.

Klipt av bremseleidning

Det elektroniske bremsesystemet, som skal regulerer bremsekrafta etter vekta på bilen, var klipt av.

– Sannsynlegvis har det vore ein feil på systemet, og desse elektroniske komponentane er dyre, seier Salt, som seier at leidningane er klipt av med vitande vilje.

Nær ved å knekke saman

Den mest alvorlege feilen, er ein sprekk i hovudramma.

– Det er rett før bilen knekker saman, seier Salt.

Bilen får dermed ikkje køyre vidare, men må fraktast ut av landet med bergingsbil eller på spesialhengar.

I tillegg må føraren betale ei bot på 6.000 kroner og firmaet ei bor på 25.000 kroner, før dei får ta med seg bilen.

Andre gong på tre dagar

For tre dagar sidan, vart den same lasta stoppa, med ein annan lastebil. Den fekk køyreforbod, også på grunn av bremseproblem. Då kom firmaet med ein ny bil, som er den som no står i Førde, og har endå grovare feil.

– Den andre bilen kan dei i alle fall klare å reparere før dei køyrer vidare, seier Salt.

I tillegg til utkoplinga av bremsesystemet, og sprekken i ramma, er det ei rekke andre mindre feil på køyretøyet.

Les flere saker i Firdas motormagasin her

Les også: Dette kostet vogntogsjåføren lappen