«Enno fins det dei som nektar for at det skjedde. Som nektar for jødeutryddinga. Som nektar for Holocaust».

Ingen stader bit kulda som i Auschwitz. Ikkje berre fordi det er januar, og ein bitande vind feier over dei snøkledde jordene sør i Polen.

Maria Gabrielsen endte opp i konsentrasjonsleir etter å ha blitt angitt av sin egen mor. Her er hun på besøk i Auschwitz i forbindelse med 70-årsmarkeringen etter frigjøringen. FOTO: Kjetil Iden/TV 2
Maria Gabrielsen endte opp i konsentrasjonsleir etter å ha blitt angitt av sin egen mor. Her er hun på besøk i Auschwitz i forbindelse med 70-årsmarkeringen etter frigjøringen. FOTO: Kjetil Iden/TV 2

Også stats- og regjeringssjefane vil kjenne kulda i dag, der dei sit i eit gigantisk telt reist ved den såkalla «Dødsporten» i Auschwitz - Birkenau. Kulda frå nazistane sitt grusomme forsøk på å utslette jødar, sigøynarar og alle som ikkje var verdige eit liv i Hitlers Nazi-Tyskland lar seg ikkje tine. Ikkje på 70 år, ikkje på 700 år heller. Auschwitz vil for alltid stå som ein ska