Ble konfrontert med skaden - skyldte på svigermor
Video fra overvåkningskameraet gjorde at det var liten tvil.
Laurdag vart det ei stor flenge i bilen til ein av dei tilsette ved Best-stasjonen i Førde.
Nokon hadde rygga for langt bak og hadde rive med seg bakskjermen. Den uheldige føraren gjekk ut og inspiserte skaden, men sette seg inn att og køyrde heim, skriv Firda.
Overvakingskamera til Albert Skildheim ved Best Centrum Bensin AS såg heile hendinga. Saman med eit vitne klarte dei å tyde registreringsnummeret på bilen. Då var det lett å finne telefonnummer og adresse.
Hadde svigermor i bilen
– Vi prøvde å ringe føraren eit utal gongar, men han tok ikkje telefonen, seier Skildheim.
Til slutt bestemte han seg for å reise heim til bilføraren og snakke med han.
– Han hadde mange unnskyldningar. Han hadde hatt det travelt. Svigermor sat i bilen og dei skulle heim og ete middag, seier Skildheim.
Mannen skal også ha sagt at han trudde det var ein gammal skade, fordi det ikkje viste noko på hans bil.
– Men det var skade på bilen hans også, og den stemde godt med det vi såg på videoen.
Skildheim blir oppgitt over slike unnskyldningar.
– Ingen har så dårleg tid at dei ikkje kan springe inn på butikken og seie at «eg rygga på bilen og tar kontakt seinare».
Ikkje første gongen
Det er ikkje lenge sidan førre gong Skildheim var detektiv. Då hadde nokon rygga inn i ein bil på baksida av bygget.
Skildheim køyrde ei lita runde rundt i Førde og fann ein bil som hadde ein skade som passa. Den stod parkert berre like rundt hjørnet.
Først nekta eigaren av bilen for at han hadde vore borti, så vart han truga med politimelding.
– Då gjekk han med på å gjere opp for seg, Skildheim.
– Meld frå
Skildheim meiner det er to ting som må til for å få slutt på at folk stikk av etter å ha bulka andre sine bilar.
– Vitne som ser slike hendingar må melde frå. Dei kan ikkje stole på at føraren gjer det sjølv, seier han.
Den andre tingen han meiner vil skremme bilførarar som stikk av, er fleire politimeldingar.
– Det må statuerast nokre eksempel.
Les flere bilsaker i Firdas motormagasin her
Les også: Parkeringsbulker? Slik kan du spare tusenvis av kroner