Rune Einemo har kjøpt bilen som vart brukt i julekalender-serien Julekongen.  (Foto: Camilla Skjær Brugrand, sognavis.no/ANB)
Rune Einemo har kjøpt bilen som vart brukt i julekalender-serien Julekongen. (Foto: Camilla Skjær Brugrand, sognavis.no/ANB)

Dodge Diplomat: Folk står på bremsen når de får se denne politibilen

Rune slo til da den dukket opp på auksjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilentusiasten Rune Einemo gjorde eit impulskjøp av ein Dodge Diplomat Se 1986-model som har vore brukt i TV- produksjonen Julekongen, som vart sendt på fjernsynet i 2012.

Den gamle amerikanske politibilen, som no står parkert utanfor Kvammes, ser ut som han passar perfekt inn i omgjevnadene på gamle Lærdalsøyri. Det skriv Sogn Avis.



Sterke reaksjonar

Når det kjem til reaksjonar på den nye bilen har for det meste gått i lange blikk og latter.

– Folk har ledd og snudd seg. Det er rein komikk. Då me skulle køyra bilen heim sist tysdag, var det mange som glodde på oss med store auge. Me hadde parkert ved bensinstasjonen i Lærdal, og folk stod på bremsen då dei såg oss. Dei trudde vel me var det ordentlege politiet, fortel Einemo.

Etter å ha sett bilen på Økeren Bilauksjon førre torsdag, la Einemo inn eit førehandsbod og enda opp med å få bilen.

Skiftar ut politi

– Det var veldig spontant. Dette blir nok den nye rånebilen. Eg trur nok politiet kjem til å ta det med eit smil når dei ser meg køyrande rundt. Allereie er det fleire som har kome bort og sett på han, seier Einemo.

På grunn av reglar må Einemo skifta ut politi-merket med police i staden for. Det kan virka misvisande elles.

– Eg har bestilt to gullmerker som skal setjast på bilen. Eitt der det står "Smokey and the Bandit" og eitt med "Highway Patrol E16". Det blir nok til at eg må fiksa litt på det kosmetiske plan på bilen.

Lagar parodi

Under årets Lærdalsmarknad skal Einemo saman med ein venegjeng laga parodi av den amerikanske actionkomedien Smokey and the Bandit frå 1977 med Burt Reynolds i hovudrolla.

– Det blir nok noko litt ekstra under årets veterantreff, ja. Eg likar særs godt amerikanske bilar fordi dei har tunge krefter og ei god køyrekjensla, seier han.

Du kan lese mer om bil og trafikk på sognavis.no - her:

LES OGSÅ: Kåret til beste politibil - noensinne