EKSORSIST: TV 2 fikk være med da den katolske pateren Massimiliano Pusceddu på jobb som eksorsist. (Foto: TV 2)

DJEVELUTDRIVER: Pusceddu har følgt denne jenta i halvanna år. Ho kjempar i mot, og to menn må til for og halde ho fast. (Foto: TV 2)

Besatt av djevelen

I Norge og fleire andre land aukar etterspørselen etter demonutdriving. Vatikanet må difor utdanne langt fleire eksorsistar enn tidlegare.

- Eg driv dykk ut, demonar! Ordren rungar gjennom rommet. Vi er på Sicilia i Italia. Den katolske pateren Massimiliano Pusceddu prøver å legge handa på hovudet til ei ung kvinne. Ho kjempar i mot, og to menn må til for og halde ho fast. - Til helvetet med deg! Gå vekk! ropar ho til pateren. Han beheld roa og held fram med ritualet. Han har vore gjennom dette mange gongar før. - Eg har følgt denne jenta i halvanna år.