OPPDAGA: Her er det sovjetiske mannskapet på ubåten B59 oppdaga  utanfor Cuba. Biletet er tatt anten 28. eller 29. oktober 1962. (Foto:  U.S. National Archives, Still Pictures Branch)
OPPDAGA: Her er det sovjetiske mannskapet på ubåten B59 oppdaga utanfor Cuba. Biletet er tatt anten 28. eller 29. oktober 1962. (Foto: U.S. National Archives, Still Pictures Branch)

Russiske u-båtar lasta med atomvåpen lurte den norske ubåtfella

Russarane finta ut det norske forsvaret på veg til Cuba med atomrakettar

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

1. oktober 1962 forlèt fire u-båtar Murmansk.

Om bord hadde kvar av dei 21 konvensjonelle torpedoar, samt ein rakett med atom-stridshovud. Målet for reisa var Mariel-hamna på Cuba. Men for å komma seg dit måtte dei passera det norske ubåtforsvaret.

«Etter å ha passert hinderet med det norske og det færøysk-islandske ubåt-hindera, kom fire ubåtar frå Nordflåten fram til Sargassohavet, aust for Cuba, den 20. oktober» skriv den russiske Nordflåten sitt hovudkvarter i ein rapport i desember 1962, som er oversett til engelsk.

Topphemmeleg oppdrag

Rapporten har hittil ikkje vore kjent, før The National Security Archive publiserte dei i førre veka.

Det er i desse dagar 50 år sidan den spente Cubakrisa, der verda var på randen atomkrig.

KART: Dette kartet viser rørslee til dei russiske ubåtane (raudt) som vart jaga av amerikanske fregattar (blått). (Foto: National Security Archive )

Oppdraget var topphemmeleg. Og offiserane fekk berre nokre timar før avgang konvoluttar merka med «strengt hemmelig» som dei ikkje fekk opna før dei hadde forlate Kolahalvøya.

LES OGSÅ: Her er Norges hemmelige krigssedler

Mannskapet om bord fekk ikkje veta kvar dei skulle før ubåtane var ute i Atlanterhavet.

Målet med turen var å oppretta topphemmelege ubåtbasar på Cuba.

Men før ubåtane kom fram til Cuba hadde amerikanarane oppdaga kva som gjekk føre seg der.

For ubåtbasane var berre ein del av eit større spel, der Sovjetunionen utplasserte mellomdistanserakettar på Cuba. Med det ville dei vera i stand til å angripa USA med rakettar som ville treffa USA på berre sju minutt.

LES OGSÅ: Topphemmeleg, atomsikker ubåtbase til sal på Finn.no

Cuba-krisa var det tidspunktet i historia kor mennesket har vore nærast å starta atomkrig, nokon gong.

Fleire hundre skip og fly leita etter ubåtane

Bakgrunnen var Sovjet si plassering av atomrakettar på Cuba, svært nær det amerikanske fastlandet. Forløparen til det heile var invasjonen i grisebukta i april 1961, der eksil-cubanarar med støtte frå USA prøvde å invadera Cuba.

JAKTAR: Eit amerikansk helikopter sirklar over ein sovjetisk ubåt som er oppe for å lada batteria. (Foto: National Security Archive )

Fidel Castro og hans støttespelarar gjekk sigrande ut av situasjonen, og valde å knyta tettare band til Sovjetunionen, då dei frykta eit større angrep frå amerikanarane på eit seinare tidspunkt.

LES OGSÅ: KGB fikk spion-info fra Tromsø-radar

Men all den sovjetiske aktiviteten på Cuba og i havområda rundt alarmerte amerikanarane.

Alt frå den 22. oktober starta dei ei hamneblokade av Cuba. For å handheva blokaden og jakta på dei fire ubåtane brukte dei over 200 krigsskip, fire hangarskip og fleire hundre fly.

– Med slike styrkar ute var det difor berre naturleg at me vart oppdaga då me måtte opp til havoverflata for å lada batteria våre, står det å lesa i den russiske rapporten.

– Då B-36 kom til overflata vart alle våpen retta mot båten og alle torpedoluker i retning oss, står det vidare.

LES OGSÅ:– Fikk USA «ekstraservice» av norske myndigheter?

Sovjetarane meiner at amerikanarane brukte søkkeminer for å setja ut ubåtane. Dei meiner at skader på tre av ubåtane støttar den teorien.

Eit Sopka-missil. Det var denne typen missil som vart utplassert på Cuba og skapte ein svært farleg situasjon. (Foto: AFP PHOTO/STR)

Ein annan av ubåtane vart skoten på 300 gonger frå ei mitraljøsa frå eit fly.

Som om ikkje forholda om bord i ubåtane var ille nok med store deler av den amerikanske marinen på jakt etter dei, var ikkje ubåtane bygd for å opphalda seg i tropiske strøk.

Besvimte på grunn av varmen

Ikkje var det luftavkjølingssystem om bord som kunne takla det når lufttemperaturen ute passerte 30 grader i tillegg var dei plaga med høg luftfuktigheit og høge temperaturar inne i ubåten.

LES OGSÅ: Da fallskjermjegeren Kjos landet på en damesykkel

Enkelte kampstasjonar skal ha vore så varme som 50-60 varmegrader. Alt dette førte til at utstyret byrja å feila om bord, samt at mannskapet svima av. Ein årsak til det var at dei ikkje fekk meir enn 250 gram vatn per person per dag.

Dei ekstreme forholda gjekk hardt utover mannskapa som kom heim med store utslett over heile kroppen og kroppsvekt som var 30-40 prosent mindre enn når dei la ut.

Ubåtane kom seg unna, og kom heim til basen sin igjen eit stykke ut i november 1962.

LES OGSÅ: Denne norske spionradaren får Putin og Medvedev til å se rødt

Cubakrisa på si side nådde sitt klimaks den 28. oktober, då Sovjetunionen sin president Nikita Khrusjtsjov sa at Sovjetunionen ville skru ned utstyret på Cuba og returnera missila til Sovjetunionen og USA lova å ikkje invadera Cuba.