RASAR: ¿ Jens Stoltenberg må sjå at hans regjering ikkje handterer denne typen saker på ein god nok måte, rasar Hareide. (Foto: TV 2)
RASAR: ¿ Jens Stoltenberg må sjå at hans regjering ikkje handterer denne typen saker på ein god nok måte, rasar Hareide. (Foto: TV 2)

Hareide: – Dette kan vera veldig alvorleg for Giske

– Eg reagerar veldig sterkt på denne saka.

KrF-leiar Knut Arild Hareide seier at om det er rett det som kjem fram i TV 2 sine reportasjar, at næringsminister Trond Giske (Ap) prøvde å skaffa kompisen plass i Telenor-styret, er det veldig alvorleg for regjeringa og Trond Giske.

– Då har han opptredd uryddig, ikkje vist evne til å handtera dei ulike rollene på eit tidlegare tidspunkt. Og no kjem det altså ei ny avsløring, som kan vera meget alvorleg for Trond Giske, seier Hareide.

LES OGSÅ: Giske ville ha kompisen inn i Telenor-styret

Han meiner det minner mistenkeleg mykje om kameraderi.

– Uprofesjonelt

– Det viktige spørsmålet no er om det har vorte utøvd utilbørleg press mot nominasjonskomiteen i Telenor. I så fall er det alvorleg og veldig uprofesjonelt, seier han.

Han seier at det er ikkje slik staten, som ein stor eigar, skal utøva sitt eigarskap. Hareide peikar på at det har vore fleire liknande saker frå regjeringa den siste tida. Han peikar på Entra-saka, Faremo og politidirektør Meland og Støre i Tschudisaka.

– Det viser at regjeringa i denne typen saker opptrer veldig uryddig. Det er for mange hattar på personar som ikkje forstår at dei har interessekonfliktar, seier han.

LES OGSÅ: Solberg: – Dette er rystende

– Jens Stoltenberg må sjå at hans regjering ikkje handterer denne typen saker på ein god nok måte, rasar han.

Hareide peikar på at ein statsråd må vera veldig nøye på korleis han opptrer i ein slik type prosessar.

Meinar regjeringa ikkje er tent med handteringa

– No har me sett eksempel på eksempel frå Trond Giske på at han ikkje skjønar kva roller han har og korleis han opptrer. Og får me no eit nytt døme på det, og det tyder det jo på ut frå den informasjonen TV 2 presenterte på måndag, ja då er det svært alvorleg, rasar han.

LES OGSÅ: Entra-sjef ba om lønnsnedgang på 40 prosent

No meiner han at saka bør opp i Stortinget sin kontroll og konstutisjonskomite.

– Det har vore fire saker i 2012, og regjeringa er ikkje tent med å handtera sakene så uprofesjonelt som dei gjer no, sluttar han.

LES OGSÅ: Olsø går av som Entra-direktør