FARLEG: Enkelte hevdar dette er ein veldig farleg mann. No vil han starta radikal organiasjon i Noreg. (Foto: AP Photo/Lefteris Pitarakis)
FARLEG: Enkelte hevdar dette er ein veldig farleg mann. No vil han starta radikal organiasjon i Noreg. (Foto: AP Photo/Lefteris Pitarakis)

Han kjempar for å innføra Sharia-lov i Noreg

Anjem Choudary vil ha dødsstraff for homofili og piskeslag for utukt. No startar han Shari'ah4Norway

Den britiske islamisten Anjem Choudary er i Noreg denne veka for å vitna i rettssaka mot Mulla Krekar.

Men det er ikkje berre difor han er i landet.

På laurdag vil han og hans norske meinigsfeller starta organisasjonen Shari'ah4Norway. Organisasjonen er allereie på plass i land som Storbritannina, Danmark, Frankrike, Belgia, Sverige, Australia og USA.

Samarbeidar med Krekar-vener

Det er ikkje kjent kven han vil starta organisasjonen med, men like før sommaren innleia han samarbeid med mulla Krekar sine tilhengarar. Og mykje tyder på at det er personar frå dette miljøet han vil starta organisasjonen med.

Men kven er hovudpersonen bak denne organisasjonen?

DØMT: Mulla Krekar ble torsdag dømt for trusler, men frifunnet for terror.  (Foto:  Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
DØMT: Mulla Krekar ble torsdag dømt for trusler, men frifunnet for terror. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Anjem Choudary har ein visjon om at muslimar skal ta over makta og innføre sharia-lover i Storbritannia.

LES OGSÅ: Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia

Choudary har tidlegare i intervju med TV 2 vore klar på at Storbritannia og andre vestlege land bør styrast etter sharia-lovene.

Skalkeskjul

– Storbritannia tilhøyrer ikkje Cameron, Blair eller det britiske folket. Det høyrer til Allah, og hans lover må implementerast, sa han til TV 2 i november 2010.

TV 2 prøvde fredag å få Choudry til å stilla til intervju, men det var han ikkje interessert i. Han bad oss om å ta kontakt på laurdag for meir informasjon.