MÅ MØTE I RETTEN: Mandag må James Holmes møte i retten for første gang. Foreløpig nekter han å snakke med politiet.  (Foto: Privat/Sky News)
MÅ MØTE I RETTEN: Mandag må James Holmes møte i retten for første gang. Foreløpig nekter han å snakke med politiet. (Foto: Privat/Sky News)

James Holmes skaut 71 personar

Talet på folk som vart skoten etter skytedramaet i Colorado er oppjustert til 71.

Talet på drepne er ikkje oppdatert.

Det betyr at tolv personar er stadfesta drepne, og 59 personar er skadd etter skytedramaet.

LES OGSÅ: 12 drept under Batman-premiere i Denver-forstad

To personar døde på sjukehus, medan 10 personar vart drepen på staden.

HER BUR MORA: I det kvite huseti bakgrunnen bur mora til massemordaren, James Holmes.  (Foto: AP Photo/Gregory Bull)
HER BUR MORA: I det kvite huseti bakgrunnen bur mora til massemordaren, James Holmes. (Foto: AP Photo/Gregory Bull)

Lika til dei ti ligg framleis inne i kinokomplekset. Det sa politisjef Dan Oates på ein pressekonferanse fredag kveld, norsk tid.

Når han vart pågrepet var han kledd i svart skotsikker vest, svart hjelm, hals og skrittbeskyttelse.

Det er framleis ikkje klart kor mange skot som vart avfyrt.

– Men det var mange! seier Oates.

Det var til saman fire utselde kinosalar som viste premieren på den nye Batman-filmen i det aktuelle kinokomplekset.

LES OGSÅ: Vert stoppa av bombefeller: Politiet kjem seg ikkje inn i leiligheita til skytaren

Men kor mange som var der, har ikkje politiet oversikt over.

– Men me har gjennomført rundt 200 intervju i ettertid, seier han.

Oates seier at dei ikkje leitar etter fleire gjerningsmenn.

– Men me vil framleis etterforska på det sporet og, seier han.

Dei veit heller ikkje noko om korleis Holmes kom seg inn i kinokomplekset.

GASSMASKE: Dette er truleg gassmaska James Holmes hadde på seg då han gjekk berserk inne i kinosalen.  (Foto: AP Photo/The Denver Post, Karl Gehring)
GASSMASKE: Dette er truleg gassmaska James Holmes hadde på seg då han gjekk berserk inne i kinosalen. (Foto: AP Photo/The Denver Post, Karl Gehring)

– Men han hadde parkert bilen sin på baksida, like ved inngangsdøra, seier han.

Holmes tok seg inn ei dør heilt nede i salen, kasta to behaldarar med det som truleg var tåregass, før han fyrte av ei rekkje skot. Skota gjekk og gjennom veggen inn til nabosalane, og minst ein person i ein tilstøytande sal vart skadd.

LES OGSÅ: Hva fikk James Holmes til å begå kinomassakren?

Dei fyrste naudtelefonane til politiet vart registrert 00.39, og politiet var på plass 60-90 sekund seinare.

Kort tid etter vart Holmes arrestert like ved bilen sin.

Då han vart arrestert hadde han tre våpen på seg.

Politiet trur han brukte ei Remington Model 870-hagle, eit automatvåpen av typen AR15, som er den sivile versjonen av M16, samt eit 40. kaliber Glock handvåpen under massakren. Han hadde og dei våpena på seg då han vart arrestert.

I tillegg skal han ha hatt eit Glock handvåpen i bilen.

FBI er på saka med over 100 etterforskarar og jobbar med spor som går utanfor staten Colorado.

Borgarmeistar Steve Hogan snakka på pressekonferansen om kor tragisk dag fredag er.

KINO: Det var i dette kinokomplekset James Holmes gjekk berserk, natt til fredag.  (Foto: AP Photo/The Denver Post, AAron Ontiveroz)
KINO: Det var i dette kinokomplekset James Holmes gjekk berserk, natt til fredag. (Foto: AP Photo/The Denver Post, AAron Ontiveroz)

– Uansett kor mykje me gjorde på førehand, skulle me no ynskt me gjorde meir, sa han.

Han gav og mykje skryt for måten politi og brannvesen har opptredt på i ettertid.

LES OGSÅ: Overlevde skytedrama i juni – ble drept i kinomassakren

– Me tok eit slag i dag, men me skal reisa oss og gå vidare, sa han.

Han oppmoda og foreldre å snakka med barna sine om dei tragiske drapa.

– Det er trafgisk og forferdeleg, men det er ei isolert hending. Me må snakka om dette, sa han.

VÅPEN: Dette er de tre våpnene som James Holmes skal ha brukt.  Oppe til venstre automatvåpenet AR-15, en Glock .40 kaliber og en Remington 870-hagle. (Foto: Jmajonis/Stag1500/Wikimedia Commons/Scanpix)