
Topphemmeleg, atomsikker ubåtbase til sal på Finn.no
Har du lyst og behov for ein ubåtbase med ein gigantisk fjellhall, kan du no kjøpa deg ein i Nord-Noreg for 105 millionar kroner.
Det er gamle Olavsvern orlogsstasjon som er til sals på Finn.no.
Den gamle ubåtbasen har vore i bruk sidan 50-talet og har kosta Nato over tre milliardar kroner.
Men no har korkje Noreg eller Nato behov for ein slik base i nord lenger.
Du kan ta imot atomubåtar
Det er store dimensjonar over basen. Berre over bakken er det 13.500 kvadratmeter med eigedom, kjøparen får med seg.

Då får ein med seg kontor, verkstad, lager og bustader.
LES OGSÅ: Nato har framleis ikkje godkjent salg av Olavsvern
Eit fjellanlegg på heile 25.000 rutemeter med tørrdokk der du kan ta i mot atomubåtar om du skulle ønska det, får du og med på kjøpet.
Potensielle kjøparar må rekna med at berre straumrekninga truleg kjem til å ligga på fleire millionar årleg.
I tillegg til 38.000 kvadratmeter over og under bakken får ein med kaiareal på svimlande 2500 kvadratmeter.
LES OGSÅ: Hevdar forsvarstopp bløffa om marinebase
Tomta er på nesten 1000 mål.
Amerikanarane brukte basen
Under den kalde krigen var basen brukt av mellom andre amerikanske atomubåtar som hadde vore ute på oppdrag i Polhavet.
Fram til 2003 var Olavsvern i bruk som orlogsstasjon, men vart då redusert til ein forsyningsbase.

Det har lenge vore strid rundt Stortingets vedtak om at Olavsvern skulle leggast ned og seljast.
LES OGSÅ: Reksten langar ut mot ex-kollegaer
Mellom anna hevda pensjonert kommandørkaptein Hans-Christian Kjelstrup at tidlegare sjøforsvarssjef Jan Eirik Finseth bløffa i prosessen som førte til at Olavsvern orlogsstasjon i Tromsø vart lagt ned.
Kommunen er ikkje interresert
Kjelstrup meinar at nedlegginga var politisk feil, sett med bakgrunn i politikaranes uttalte satsing på nordområdet.
Nato har og bede om at salet av ubåtbasen vart utsett, men har no kome fram til at basen altså kan seljast.
Avisa iTromsø skriv at korkje Tromsø kommune, Havforskningsinstituttet eller Norsk Polarinstitutt er interessert i gigantanlegget med den noko spesielle forhistoria.
