Over heile verda feirar nordmenn busett i utlandet den norske nasjonaldagen, deriblant i Norrköping i Sverige. Men i år blir feiringa avlyst, skriv den svenske avisa Norrköping Tidningar.

– Det frekkaste

Til avisa seier den norske konsulen i Norrköping Håkan Walldén at avlysinga skuldast to faktorar; at det er langhelg og at rettssaken mot Breivik pågår i Oslo.

– Det er klart at det har noko å seia. Det finst ei klar kopling til at rettssaka er på sitt mest intensive no, seier konsulen i eit videointervju.

– Norske borgarar i distriktet er naturlegvis på ein eller annan måte påverka av dette, seier konsulen til avisa.

INGA FEIRING: Den norske konsulen i Norrköping Håkan Walldén seier at 17.maifeiringa blir avlyst. (FAKSIMILE) (Foto: Skjermdump/Nt.se)

Då reportaren spør om det ikkje er rett å feira 17.mai i år, nettopp for å markera motstand mot Breivik, vektlegg konsulen at det er på grunn av at det er langhelg feiringa er avlyst.

– Ja, det kan eg vera einig i. Men hovudårsaka er at me denne gongen ikkje klarar å setja saman ei feiring då det er langhelg, seier han.

Sjokka over vinklinga

Til tv2.no seier konsulen at han ikkje kjenner seg att i framstillinga saka har fått i avisa.

– Det er det frekkaste, ein skandale, skriv dei det, spør Walldén når tv2.no ringjer.

– Nei, det skuldast at det er langhelg og at mange reiser vekk. Det har vore vanskeleg å samla folk, seier han.

LES OGSÅ: – Kongeparet reiser utenlands på 17. mai i år

– Blir feiring neste år

Walldén legg til at konsulatet arrangerer 17. mai saman med den norske foreininga i Norrköping, og at avgjerda om å avlysa årets arrangement er tatt saman med foreininga.

17. mai-tradisjonen i Norrköping skriv seg tilbake 2005. Det er kring 2000 nordmenn i området som det norske konsulatet i Norrköping dekkjer.

– Vi drog i gang dette i samband med markeringa av unionsoppløysinga. Neste år er det på an igjen, seier Walldén til tv2.no.

Konsulen understrekar at det er bra 17. mai i Noreg blir markert som normalt, sjølv om rettssaken er i gang.