Leiaren for Norwegian Defence League har trekt seg

Ronny Alte vil ta avstand frå Anders Behring Breivik. Det får han ikkje lov til. Difor har han trekt seg frå leiarrolla i NDL.

HØYREEKSTREM: Lederen for Norwegian Defence League, Ronny Alte, intervjues av en journalist i forbindelse med demonstrasjonen i Mølleparken i Århus. (Foto: Bent Skjærstad/TV 2)
HØYREEKSTREM: Lederen for Norwegian Defence League, Ronny Alte, intervjues av en journalist i forbindelse med demonstrasjonen i Mølleparken i Århus. (Foto: Bent Skjærstad/TV 2)

- Eg har trekt meg som leiar i Norwegian Defence League, stadfestar Ronny Alte overfor tv2.no, torsdag kveld. - Kvifor? - Av den enkle grunnen at nokon i Admin vil nekta meg å gå ut og ta avstand frå terror, seier Alte. Admin er leiargruppa i NDL. Vil ta avstand frå Breivik - Eg kan ikkje vera i ein organisasjon som vert assosiert med han, legg Alte til. LES OGSÅ: