KJEM IKKJE TIL: Helikopter kjem ikkje til for å redda ned basehopparen. Difor vert ei alpin redningsgruppe flydd til toppen, så dei kan rappelera seg ned. (Foto: Ellinor Rørvik Lothe /Åndalsnes Avis)
KJEM IKKJE TIL: Helikopter kjem ikkje til for å redda ned basehopparen. Difor vert ei alpin redningsgruppe flydd til toppen, så dei kan rappelera seg ned. (Foto: Ellinor Rørvik Lothe /Åndalsnes Avis)

Basehoppar redda ned i Rauma

krasja i fjellveggen torsdag ettermiddag. Redda ned

OPPDATERT: Like over klokka 21 vart det kjent at den alpine redningsgruppa og eit redningshelikopter har redda ned den skadde basehopparen.

– Me fekk melding klokka 16.57 om at ein basehoppar som er i fjellveggen på Gridsetskolten, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre og Romsdal operasjonssentral til tv2.no.

– Det er observert at vedkomande er i rørsle, seier Nygård.

Er i kontakt på telefonen

Ulykka skal ha skjedd i samband med reklamefilm-innspeling for sportsutstyrkjeda XXL.

Det skal vere ein av Norges mest kjende basehopparar som sit fast i fjellet 200 meter frå toppen.

VANSKELIG TERRENG: Det er eit veldig vanskelig terreng rundt fjellet. (Foto: Ellinor Rørvik Lothe /Åndalsnes Avis)

Det skal ikkje vera mogleg å henta basehopparen ut med helikopter, difor vert mannskap frå Romsdal fjellredningsgruppe flydd opp til toppen.

Der skal dei rapelera ned til den skadde basehopparen, som ligg på ei fjellhylle vel 800 meter over bakken.

Det har vore telefonisk kontakt med den skadde basehopperen.

Populær stad for basehopping

Fjellet ligg yttst og på austsida av Innfjorden i Rauma kommune i Romsdal og er 1066 meter høgt.

Gridsetskolten er bratt opp frå sjøen, gjennom ei skogkledd li. Terrenget er vanskelig med mykje blokkstein som har rast ned frå den bratte toppen.

POPULÆRT: Fjellet er ein kjent stad for dei som likar å drive med basehopping. (Foto: Herskedal, Kjell, © JFE)

Gridsetskolten er eit populært utsprangsted for basehoppere. Sommaren 2008, vart World BASE Race arrangert for fyrste gong i Innfjorden.

Basehopparar frå fleire stader i verda konkurrerte i hopp frå Gridsetskolten.

Operasjonsleiar Nygård seier til TV 2 at dei har vore i kontakt med mannen.

– Han har klaga over nokre smerter i mage og bryst, samt i ein fot, seier Nygård.

HER LIGG HAN: Her ligg den skadde basehoppparen. (Foto: Rauma Røde Kors)