53 nye millionærar i Noreg i dag

Ny millionærrekord i Noreg i dag. Er du blant dei?

Aldri før har så mange vorte millionærar etter pengespel enn i kveld.

Heile 50 lottospelarar vart trekt ut som vinnarar i Super-Lottotrekninga til Norsk Tipping i kveld.

Elektronisk trekning

Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

Det kunne ha enda opp med ein vinnar som stakk av med alle 50 millionane, men den elektroniske trekninga enda med at det i staden vart heile 50 nye millionærar i kveld.

VANN DU? Her kan du sjekka om du er vorte millionær i kveld

Adressa skriv at dei nye millionærane er i alderen 20-87 år.

No bør du ha batteri på telefonen din, for frå sundag morgon klokka 10, byrjar Norsk Tipping å ringa rundt til dei heldige vinnarane.

Tre personar vart ekstra heldige

Men fortvil ikkje, om du har vunne, men ikkje rekk å ta telefonen når dei ringer frå Hamar, lovar Norsk Tipping at pengane vert sett inn på konto til deg snart.

I tillegg til dei 50 som vann kvar sin million, fekk tre ekstra heldige vinnarar toppgevinsten på 4,7 millionar kroner.