– Eg skjønte vel ikkje realitetane før eg såg filmen på TV 2, seier Tove Brattbakk. Ho er gift med Arnt Ove Brattbakk, mannen som opplevde at bergingsbilen hans vart dradd ut for ein 60 meter høg kant av eit anna vogntog på sundag.

– Dette er ein dag eg kjem til å hugsa resten av livet, seier hovudpersonen sjølv.

LES OGSÅ: 1 av 6 aust-europeiske vogntog har for dårlege dekk

Når tv2.no snakkar med han sundag kveld, sit han heime med kona og trekk pusten etter den dramatiske dagen. Arnt Ove (37) er overraskande roleg.

Vil ikkje tenkja på kva som kunne skjedd

– Hadde eg venta eit lite sekund til med å hoppa ut, hadde eg ikkje prata med deg no, legg han til.

Den dramatiske dagen starta med eit bergingsoppdrag av eit litauisk vogntog som ikkje kom seg vidare med sommardekk på norsk vinterføre.

LES OGSÅ: Vogntogsjåfør fikk halvert bot fordi han er svensk

TIPPAR: Her går det gale, og ein kan sjå den latviske traileren har byrja å tippa over kanten. Framleis med føraren inni. (Foto: Gunn Iren Johnsrud)

Brattbakk skulle berre slepa latviaren nokre meter til, bort på ei flata før han skulle sleppa av latviaren.

– Då ser eg i spegelen at han sklir rett i autovernet. Og eg tenkjer kva f*** er det som skjer no?, seier Brattbakk.

– Før eg får tenkt meg noko meir om, ser eg at vogntoget vrir seg rundt og eg kjenner at det rykker i bilen min. Då er eg på veg ut av bilen, seier Brattbakk.

– Eit lite sekund til, og eg hadde blitt med bilen ned, trur han.

Då vågar han ikkje å tenkja på kva som kunne ha skjedd.

LES OGSÅ: Tunge kjøretøy i nesten halvparten av dødsulykkene

På videoen du finn øvst i saka, kan du sjå Brattbakk hiv seg ut av bergingsbilen sin, like før den vert dradd utfor den stupbratte skråningen. Han tar seg til hovudet med ein gong.

– Eg hugsar absolutt alt som skjedde, seier han.

PÅ JOBB IGJEN: Sundagskvelden brukar dei til å prata om kva som skjedde, men på måndag er det tilbake på jobb igjen, etter den dramatiske dagen. (Foto: PRIVAT)

Bergingsbilen hans ligg no under vogntoget han skulle berga, totalt knust.

– Men eg er sikker på at eg ikkje kunne gjort noko anna. Det er han som dreg med seg meg, seier han.

LES OGSÅ: – Norske sjåfører skvises av utlendinger som jukser

Kva som har forårsaka uhellet, veit han ikkje. Men han er sikker på at litauaren ikkje var skodd for føret med to sommardekk framme på norsk vinterføre.

Men det var ikkje over med det. For saman med ein annan tok han seg ned til dei to bilvraka, for å sjekke korleis det stod til med føraren av det litauiske vogntoget.

– Eg var inn i hytta på bilen hans, men fann han ikkje, seier han.

Ringte kona

Då byrja dei å ropa etter han.

– Då fann me han etterkvart bak bilen hans, fortel han.

Truleg har føraren av det andre køyretøyet vorte kasta ut av vogntoget, under ferda ned den 60 meter høge kanten.

LES OGSÅ: Drakk heimebrent: Køyrde vogntog med promille på 2,8

Dette er ikkje fyrste gong Brattbakk opplever dramatikk på jobben. For nokre år sidan var han ute for eit liknande uhell, men då stoppa dei like før dei stupte utfor ein 30 meter høg kant.

Etter at dei hadde funne den litauiske trailersjåføren, var det berre ein ting som stod igjen å gjera. Å ringa kona Tove.

– Ho var litt oppskaka når eg ringte og fortalte kva som hadde skjedd, seier han.

Kona som gjekk heime og ante fred og ingen fare heiv seg i bilen med ein gong.

KOM SEG UT: Her kan du sjå at bergingsmann Arnt Ove Brattbakk, til venstre i biletet, akkurat kom seg ut av bilen sin før den vert dradd ned den stupbratte skråningen. (Foto: Gunn Iren Johnsrud)

– Når eg kom fram tok eg berre tak og holdt rundt han og sa «herregud kor glad eg er for at du er her», fortel ho.

Ho seier at sundagskvelden har dei brukt til å tenkja over kva som kunne skjedd.

Stiller på jobb igjen på måndag

Men på måndag er det tilbake til kvardagen.

– Då skal eg på jobb igjen, seier Arnt Ove Brattbakk.

– Grunna mykje folk som har fått ferie er det ikkje mogleg å ta fri, skyt kona inn.

– Kva tykkjer du om at mannen din reiser på jobb igjen, etter så kort tid?

LES OGSÅ: Bander rapper trailere på norske veier

– Det er betre enn å sitja heima og tenkja. Dessutan må me jo rydda opp på staden, sluttar ho.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå den dramatiske videoen frå bergingsoppdraget som gjekk galt.