KVAR ER ROBIN? Politiet var meir interesert i bilen, drakta og å sikra seg foto enn å ta Batman for eventuelle lovbrot.  (Foto: Montgomery County Police Department )
KVAR ER ROBIN? Politiet var meir interesert i bilen, drakta og å sikra seg foto enn å ta Batman for eventuelle lovbrot. (Foto: Montgomery County Police Department )

Politiet stoppa Batman: – Send Robin!

Politiet var meir opptatt av å synga Batman-songen og å ta bilete med den maskerte superhelten, enn å sjekka lovbrota han faktisk hadde gjort.

Førre fredag kunne tv2.no visa deg bileta av superhelten Batman som vart stoppa av politiet. Det oppstod litt usikkerheit om det var snakk om at han var stoppa på grunn av lovbrot, eller om dei hadde eit møte om kriminalitetstrendar, mistenkte i saker og liknande.

For som ein skreiv på det lokale politiet si Facebook-side;

– Av og til møtest dei i ei hola, andre gonger på gata.

Sikrar seg bilete

No kan du høyra kva som vart sagt mellom Lenny, betre kjent som Batman, og politiet.

– Lenny; er det greitt at me tar bilete saman med deg?

– Ingen problem, svarar Batman.

Saka held fram under biletet

SUPERRIK: Lenny B. Robinson, som han eigentleg heiter, er ein superrik, veldedig mann. Som tenåring starta han sitt eige vaskebyrå, som han nyleg har solgt for enorme summar. Washington Post skriv at mannen årleg brukar 150.000 kroner av sine eigne pengar på å spela rolla som Batman. Noko han har gjort sidan 2001. (Foto: Montgomery County Police Department )

Deretter kan ein høyra politiet synga den verdskjente Batman-songen.

LES OGSÅ: Politiet stoppa Batman i ein Lamborghini

YouTube-ligg heile det sju minutt lange klippet frå politiet oppdagar Batman i Lamborghinien.

– Eg skal stoppa ein bil som manglar skilt og har ein førar utkledd som Batman, seier politiet.

Saka held fram under biletet

ROBIN VAR HEIME OG STUDERTE: Av og til stiller sonen til Lenny B. Robinson opp som Robin. Diverre var han ikkje med denn gongen. (Foto: Montgomery County Police Department )

– Er det noko me kan bistå med?, spør operasjonssentralen til politimannen som skal stoppa Batmobilen.

Slepp unna bot

– Ja, de kan senda Robin, er svaret frå politimannen.

LES OGSÅ: Spider-Man stanset tyven

Når politiet spør kva Batman skal, seier han at han er på veg til eit sjukehus for å hjelpa sjuke born.

– Kor lang tid tek det å få på det kostymet då?, spør dei lattermilde politifolka.

– Lang tid, svarar Batman.

Saka held fram under biletet

SIKRA SEG BILETE: Denne politimannen vart kalla ut for å hjelpa Batman med eit flatt hjul like før jol i fjor. (Foto: Howard County Police Department )

Etter at skilta på bilen er sjekka og alt er ok, er politiet meir interessert i å verta tatt bilete av saman med den maskerte superhelten enn noko anna.

LES OGSÅ: Arvet tegneserier – ble mangemillionær

Enden på historia er at Batmann slepp å betala bot for manglande skilt, og kan fullføra si gode gjerning med å hjelpa sjuke born.

Under kan du sjå heile det sju minutt lange klippet frå politets eigne kamera.

http://www.youtube.com/watch?v=a4jpXDKk-rY&feature=youtu.be