Naken mann køyrde bil og såg pornofilm - samstundes!

Det var litt av eit syn for politipatruljen frå Tønsberg.

Ein patrulje frå Utrykkingspolitiet (UP) stoppa like før midnatt, laurdag, ein mann som sat og såg på film medan han køyrde bil langs Hortensveien i Vestfold.

Det viste seg at mannen sat og såg pornofilm medan han var ute og køyrde.

Naken nedantil

Ved nærare undersøkingar viste det seg at mannen ikkje hadde på seg noko klede nedantil.

Ikkje nok med det, men det viste seg at den 43 år gamle mannen tidlegare hadde onanert framføre andre folk på Bastøferga.

Fekk sova i arresten

Det viste seg snart at mannen var i narkorus, og politiet har sikra seg ein utvida blodprøve av mannen.

Førarkortet til den rusa pornofilmsjåande mannen vart kverrsett av politiet. Resten av natta måtte han tilbringa i sentralarresten, og sundag må rekna med å verta avhøyrt av politiet i løpet av sundagen.