Singel mann under 40? Her er kommunane med flest kvinner

Balestrand og Modalen topper kvinnestatistikken.

Det blir stadig fleire menn her til lands. Tal frå SSB viste at manneoverskotet ved årsskiftet var på 11.900. Til samanlikning var det berre 1400 «ekstra» menn i fjor.

Les meir: Nå er det «for mange» menn i Norge

Kvinneoverskot sidan 1700-talet

Dette er ei betydeleg endring sidan 2006, då var det 36.200 fleire kvinner enn menn.

Heilt sidan folketala blei fordelt på kjønn i 1769 har det vore overskot av kvinner, men det har variert kor mange fleire kvinner enn menn det har vore. Kvinneoverskotet var størst i 1910, med heile 87.000 fleire kvinner enn menn.

– Det er fleire grunnar til det betydelege skiftet, men hovudårsaka er arbeidsinnvandring frå utlandet, ifølgje SSB.

At det vert født 4-6 prosent fleire gutar enn jenter bidreg også til at det vert færre kvinner. Eit anna forhold som spelar inn er at det kvart år døyr fleire kvinner enn menn, men dette heng saman med at det er fleire kvinner enn menn i alderen der flest døyr, ifølgje SSB.

Balestrand på kvinnetopp

Kartet over viser fordelinga mellom kvinner og menn i aldersgruppa 18 år til 39 år. Balestrand kjem på topp med 53,5 prosent kvinner, med Modalen, Radøy, Leksvik og Værøy hakk i hel, men det er små kommunar dette her.

I Balestrand er det 144 menn og 166 kvinner i denne aldersgruppa. I Modalen er det 46 menn og 51 kvinner mellom 18 og 39.

– Dette er sjølvsagt ein kjekk topp å vera på, seier ordførar i Balestrand kommune, Harald Norvald Offerdal (Ap).

Men i kvardagen er ikkje dette merkbart, ifølge ordføraren.

Offerdal han har ingen triks på lur som får kvinnene til å bli verande. Det er nok ikkje gjort noko spesielt for å halda på kvinnene, ifølgje Offerdal.

Men det er ikkje berre i den unge befolkninga generelt at det er flest kvinner i Balestrand, også i kommunestyret i Balestrand er kvinner i eit lite fleirtal, med ni av 17 representantar.

– Dette kjem blant anna av at partia har jobba for å få inn fleire kvinner i kommunestyret, seier Offerdal.

3324 fleire unge menn enn kvinner i Bergen

I hovudstaden er fordelinga mellom menn og kvinner omtrent lik. I Bergen er forskjellen derimot større, der er det 3324 fleire menn enn kvinner.

Hald pila over kartet og finn din kommune!

Flest polakkar

Talet på utalandske statsborgarar i Noreg vaks i 2011 med 38.000 til rundt 407.000. Aldri før har det vore så mange utanlandske statsborgarar i landet. Polakkane har inntatt toppen over den største gruppa utanlandske statsborgarar i Noreg.

Les også: Halve Oslo vil ha innvandrerbakgrunn innen 2040

Her kjem det flest arbeidsinnvandrarar frå:

  • Polen
  • Sverige
  • Litauen
  • Tyskland
  • Danmark

Les meir: Polakker fører oss nærmere fem millioner innbyggere