– Unnasluntring kan gi livslange gjeldsproblemer
Overraskende mange tar sjansen!
Kvar einaste dag køyrer ei mengd bilistar i Sogn og Fjordane og resten av landet rundt utan godkjend EU-kontroll, utan forsikring, og med ubetalt årsavgift, melder Firda.
– Det er skremmande mange som set eige eller andre sitt liv i fare gjennom unnasluntring. Mange bilar har allereie fått eller vil få skilta klipt av. Det er ikkje ein hyggeleg måte å avslutte året på, seier kommunikasjonsrådgjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF.
Fristen var 14. august
Kvart år krev staten betalt årsavgift saman med gyldig forsikring og godkjend EU-kontroll for å få oblat til bilen.
Oblata skulle vore festa på registreringsskilta til bilen innan 14. august i år, men framleis køyrer 89.594 nordmenn rundt i bilar som ikkje har godkjend EU-kontroll, og 137.000 manglar gyldig forsikring.
Eit uhell = gjeld for livet
– Det er skremmande høge tal. Sjølv om EU-kontroll omhandlar minstekrav til teknisk stand på bilen er den viktig å gjennomføre for at alle skal kunne reise trygt og miljøvenleg. Å køyre utan gyldig forsikring kan gje gjeldsproblem resten av livet, seier Engebretsen, og siktar til lova om regress frå forsikringsselskapa.
– Eit uhell vil bety at du er ansvarleg for å betale heile summen ned til siste krone og øre. Forsikringspremien ville i denne samanhengen kun vore småpengar å betale, seier Engebretsen.
Arbeidsgjevar får vite
Det er i skrivande stund 64.784 norske bilister som framleis ikkje har betalt årsavgifta. Alle krava er no overført til Statens innkrevingssentral for innkreving. Dei har fullmakt til å ta pant i lausøre hos den enkelte, eller kreve lønstrekk hos arbeidsgjevaren.
Manglande forsikring og EU-kontroll kan du sjølv ordne opp i raskt, medan kravet på årsavgifta som er overført til Statens innkrevningssentral vil gå sin myndige gong.
– Vert bilen din avskilta må du ut med 1200 kroner for å få levert ut skilta att, avsluttar Engebretsen.
Les flere bil- og motorsaker i Firdas motormagasin her