SLEPP IKKJE INN: Mi Van Løvstrøm og Norsk-Vietnamesisk senter vil dela ut 100 rullestolar til trengande i Vietnam. Men no slepp ikkje Løvstrøm inn i landet. Her frå utdelinga av rullestolar hausten 2010. (Foto: Jessica Ryan )
SLEPP IKKJE INN: Mi Van Løvstrøm og Norsk-Vietnamesisk senter vil dela ut 100 rullestolar til trengande i Vietnam. Men no slepp ikkje Løvstrøm inn i landet. Her frå utdelinga av rullestolar hausten 2010. (Foto: Jessica Ryan )

Skulle til Vietnam med 100 rullestolar - nekta på grensa

Norsk-vietnamesiske Mi Van Løvstrøm vil overlevera 100 rullestolar til funksjonshemma born i Vietnam, men myndigheitene slepp ho ikkje inn i landet.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mi Van Løvstrøm reiste på vegne av organisasjonen Norsk-vietnamesisk kultursenter til Vietnam med hundre rullestolar som funksjonshemma born og eldre skulle få glede av, i eit land der mange bur under særs kummerlige kår.

– Men då eg landa på flyplassen i Ho Chi Mihn fekk eg beskjed om at eg ikkje slapp inn i landet, seier ho til tv2.no.

Ho seier at dei tok frå ho passet på flyplassen.

Fekk ingen grunngjeving

– Deretter kom tryggingspolitiet til meg og sa at eg måtte returnera til Bangkok, fortel ho.

Ho spurte då kvifor ho ikkje slapp inn i landet.

– Då fekk eg til svar at det trengte eg ikkje å vita noko om, hevdar ho.

LES OGSÅ: Vietnam sperrer Facebook

Løvstrøm reiste for fyrste gong med rullestolar til dei trengande i Vietnam, hausten 2010. Då møtte ho og fleire foreldrelause born på fleire barneheimar i det kommunistiske landet.

– Etter den turen følte eg at dette er noko eg ville jobba med, så eg var tilbake i mars og juni i år, fortel ho.

På dei turane fekk dei inn 100 nye søknader om rullestolar frå trengande i landet, og det var i den samanhengen ho no var på veg til Vietnam igjen.

ELDRE: Både born og eldre får nytte av rullestolane frå Norsk vietnamesisk senter. (Foto: Mi Van Løvstrøm)
Etter at ho vart sendt til Bangkok igjen, har ho vore i kontakt med både den norske og den vietnamesiske ambassaden i Thailand.

Gjev ikkje opp

– Eg har i dag, onsdag, fått beskjed frå den vietnamesiske ambassaden om at eg ikkje får lov til å komma inn i Vietnam. Men eg har framleis ikkje fått nokon grunngjeving, hevdar ho.

Den norske ambassaden i Thailand har sagt at dei ikkje kan hjelpa ho.

Men Mi Van Løvstrøm gjer ikkje opp ned det fyrste.

– Eg vil venta nokre dagar, for så å søkja på nytt. Eg veit at det er mange born i Vietnam som ventar på meg, seier ho.

– Dei tinga som eg har lova borna må koma fram, legg ho til.

LES OGSÅ: Ingen moped uten pupper

I mellomtida vil ho bruka tida på å møta vietnamesiske flyktningar i Thailand. Både politiske og økonomiske flyktningar.

– Eg vil sjå kva me kan bidra med her, seier ho.

Rullestolane er kome fram til dei stadene som Mi van Løvstrøm skulle levera dei ut.

Norsk UD vil ikkje gjera noko

– Borna skal få desse rullestolane uansett, det skal eg sørgja for, seier ho.

No krev ho at norske myndigheiter tek tak i saka.

– Om ikkje tenkjer myndigheitene i Vietnam at Noreg ikkje bryr seg, seier ho.

LES OGSÅ: Reddet 1000 hunder fra sultne vietnamesere

Men frå norske myndigheiter er det lite hjelp å henta.

– Det er opp til kvart enkelt land kva slags visumreglar dei har, og det er opp til den reisande å sørgja for å ha visum og innreisepapir i orden, og kunna dokumentere det man tek med seg inn i landet., seier Hilde Steinfeld, pressevakt i Utanriksdepartementet.

Ho stadfestar at Mi Van Løvstrøm har vore i kontakt med den norske ambassaden i Bangkok. Der vart ho råda til å ta kontakt med den vietnamesiske ambassaden i Thailand for å få klarleik i kvifor ho ikkje slapp inn.

BEHOV: Løvstrøm reiste for fyrste gong med rullestolar til dei trengande i Vietnam, hausten 2010. Då møtte ho og fleire foreldrelause born på fleire barneheimar i det kommunistiske landet. - Etter den turen følte eg at dette er noko eg ville jobba med, så eg var tilbake i mars og juni i år, fortel ho. (Foto: Mi Van Løvstrøm)