100 åringen Fauja Singh med medalje etter fullført maraton. (Foto: Frank Gunn/Ap)
100 åringen Fauja Singh med medalje etter fullført maraton. (Foto: Frank Gunn/Ap)

100-åring gjennomførte maraton

Fauja Singh (100) fekk plass i Guinness rekordbok. No ser han fram mot OL i London neste år og håpar på å bli fakkelløpar.

Søndag sleit 100 år gamle Fauja Singh seg gjennom Toronto Waterfront Marathon i Canada. Han har med det sikra seg ein plass i Guinness rekordbok som den eldste personen i verda som har gjennomført eit heilt maraton, ifølge nyheitsbyrået AP.

– Å greia dette vil vera som å bli gift igjen, sa 100 åringen til trenaren sin, Harmander Singh, då han nærma seg mål.

Ifølge trenaren er verdas eldste maratonløpar svært fornøgd. Han har oppnådd noko han har drømt om lenge.


Åtte timar

Singh, fødd i India i 1911, brukte meir enn åtte timar frå start til mål. Som sistemann kunne 100-åringen pusta glad ut etter å ha kome i mål. 100-åringen kom mål meir enn seks timar etter fyrstemann, Kenneth Mungara frå Kenya. Mungara vann Toronto Waterfront Marathon for fjerde år på rad.

Medan 100-åringen kjempa seg mot mål meinte arrangørane at nok fekk vera nok, og tok ned sponsorplakatar og anna som var hengt opp langs løypa.

Maratonen på søndag var den eldre herren sitt åttande maraton. Han starta sin maratonkarriere som 89 åring.

Fleire rekordar

Fauja Singh har sett fleire rekordar. Blant anna kom han inn på tida 5.40.01 i Toronto i 2003, noko som sikra han ein rekord i kategorien 90 pluss.

100-åringen har også vist seg fram i kortare løp. Torsdag sette han fleire rekordar for løparar over 100 på åtte ulike distansar frå 100 meter til 5000 meter.

100-åringen fortel at han no håpar å få delta i fakkelløpet for OL i London i 2012.