Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinna hevdar at eit lite vorspiel nesten sendte ho i grava.

April Bonjour hevdar at gledesstunda hennar saman med sambuaren nesten enda fatalt etter at sexleiketøyet plutseleg påførte ho kraftige smerter og ho byrja å blø kraftig.

Krev erstattning

– Eg vart nesten medvitslaus på grunn av blodtapet, skriv ho i eit brev til retten i California. Kvinna saksøkjer no Pipedream Products Inc., som har produsert sexleiketøyet.

LES OGSÅ: Søker prøvekaniner til sexleketøy for menn

No krev ho 140.000 kroner i erstatning.

– Kjærasten min ringte 911, og når helsepersonellet kom var eg tidvis medvitslaus, skriv ho vidare i brevet til retten.

– Både eg og sonen min trudde eg skulle døy. Når eg kom til sjukehuset hadde eg mista så mykje blod at eg måtte få fleire liter blod i påfylling, skriv ho vidare.

Avvist

I dokumenta som er sendt til retten, kjem det fram at kvinna vart avvist av dildo-produsenten då ho kontakta dei.

LES OGSÅ: Stuerent sexleketøy

Nettstaden New York Daily News har sendt ein mail til Pipedream Products Inc. utan å få svar.

Bonjour understrekar i brevet til retten av sexleiketøyet «vart brukt på den måten det i utgangspunktet skulle».