rena (Foto: HO/Reuters)
rena (Foto: HO/Reuters)

Fryktar oljelekkasje frå grunnstøyt skip

Gigantskipet «Rena» har enorme mengder olje om bord. No fryktar ein lekkasje.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Styresmaktene i New Zealand jobbar hardt for å hindra ein oljelekkasje frå gigantskipet «Rena» som grunnstøytte natt til onsdag.

Skipet gjekk på grunn 22 kilometer frå Tauranga i landet.

Store mengder tungolje

Skipet har heile 1,7 millionar liter tungolje om bord, og no jobbar myndigheitene med å gjere alt klart i tilfelle lekkasje. Berre nokre kilometer sør for skipet er det nemlig ei øy som skal vera eit paradis for dykkarar og fiskarar.

Førebels er det berre litt hydraulikkolje frå maskinrommet som har kome ut av skipet.

– Planen vår er å få det 236 meter store skipet vekk utan oljesøl, men me må alltid ha ein reserveplan, seier Renny van der Velde til TVNZ.

No fryktar myndigheitene at det kan ta veker og månader før skipet er fjerna frå der det gjekk på grunn.

(Artikkelen fortsetter under)

«Rena» grunnstøyte på et rev utanfor Tauranga, New Zealand. (Foto: Alan Gibson/Ap)

Lasta med mjølkeprodukt

Skipet var lasta med rundt 2.200 containerar, og var på veg til Tauranga for å få om bord meir last.

Lasta består mellom anna av mjølkeprodukt og tømmer.

Om dei ikkje klarar å få skipet av grunn snart, må dei få ein flytande krane til å koma og lasta av skipet.

Skipet ligg no med ei slagside på 10 grader.