ferge montasje front
ferge montasje front

Kuttar i mannskapet for å tena meir pengar

Samstundes som talet mannskap om bord i norske ferjer går ned, aukar talet på ulykker. Sjøfartsdirektoratet avviser eit kvart ansvar.

Fyrste halvår i år har det vore minst 33 ulykker med norske passasjerferjer. Det viser tal frå Sjøfartsdirektoratet, som er dei mest oppdaterte. Dei siste åra har det stadig vorte fleire ulykker, viser statistikken.

Sidan fyrste januar 2007 har det vore minst 200 ulukker og nestenulykker med norske ferjer. Det tilsvarar 44 hendingar i året. Dei tala er oppdatert etter fyrste halvår 2011.

– Faren for ulykker er stigande

Frå 1981 til utgangen av 2006 var det tilsvarande talet 25 ulykker årleg.

LES OGSÅ: Bilferge bommet på kaien med 400 meter

I 2005 var det 21 grunnstøytingar og kontaktskader med norske ferjer, i 2010 var dette talet steget til 31. Same året vart det rapportert heile 20 nestenulykker.

Klikk her for å sjå heile statistikken med oversikt over alle ulykker norske ferjer har vore involvert i.

Samstundes vert bemanninga om bord i norske ferjer stadig redusert. Krava seier at eit mannskap på fem personar skal vera i stand til å evakuera ei ferje på mindre enn 30 minutt.

Saka held fram under biletet

DUNDRET INN I FJÆRESTEINENE:
  Fergen «Sogn», som går mellom Bruravik og Brimnes i Hordaland, kjørte
  rett på land fredag morgen. (Foto: MMS/Tipser)
DUNDRET INN I FJÆRESTEINENE: Fergen «Sogn», som går mellom Bruravik og Brimnes i Hordaland, kjørte rett på land fredag morgen. (Foto: MMS/Tipser)

Samstundes vert vedlikehaldet stadig dårlegare om bord i ferjene. Skulda vert plassert på anbodssituasjonen.

– Reiarlaga skal tena pengane sine, og den einaste plassen dei kan spara pengar er på mannskapet, seier ein som jobbar om bord ei vestlandsk ferja til tv2.no.

– Ja, det er klart det. Me kan ikkje driva ferjer med fleire tilsette om bord enn kva våre konkurrentar gjer

Ei anna kjelde tv2.no har snakka med seier at dei ikkje lenger klarar å etterleva det vedlikehaldet dei skal gjera lenger, grunna meir arbeid og færre tilsette om bord i ferjene.

– Faren for driftsavbrot og ulykker grunna lite mannskap er aukande, seier fleire kjelder til tv2.no.

Ingen av dei som jobbar på ferjene torer å stå fram med namn og bilete, då dei fryktar for jobbane sine.

Ei kjelde peikar på at det for ti år sidan var dei sju mann om bord, no er dei nede i fem mann.

– Det går galne vegen, dette.

Odd Rune Malterud i Det norske maskinistforbundet (DNMF) seier at det samstundes vert mindre og mindre krav til kompetanse hjå dei tilsette på ferjene.

– Dei som skal operera skipa mot publikum, som lettmatrosane, går inn med maks seks månaders opplæringstid. Dei skal ofte vera kombinert lettmatros og maskinpassar, ofte utan at reiarlaga har sjekka om vedkomande har rett kompetanse hevdar han.

– Tryggleikskulturen er ikkje på plass

Han peikar samstundes på at lange vakter er eit problem. Snittalderen på dei tilsette om bord i norske ferjer, inkludert nytilsete, har no passert 50 år.

– Då er det klart at 14 timar på vakt er knallhardt, seier han.

Han viser til ei undersøking gjort blant tilsette på hurtigbåtar, som viser at reaksjonsevna vert svekka etter at ein har passert 45 år.

LES OGSÅ: Navigatøren sovna på vakt, ferja gjekk på grunn

Malterud meinar at tryggleiksfokuset blant norske reiarlag er alt for dårleg.

– Tryggleikskulturen er ikkje på plass hjå norske reiarlag, hevdar han.

– Det er og eit problem at Sjøfartdirektoratet ikkje vil pålegga reiarlaga ei forsvarleg bemanning utover tryggleiksbemanninga som berre har til oppgåva å føra skipet frå A til B. Tvert om godtek dei at mannskapet i tillegg må utføra andre ikkje- tryggleiksrelaterte oppgåver som til dømes billettering og planlagt vedlikehold under fart, seier han.

Men han håpar ei endring er på gang.

– Me har no, i enkelte reiarlag, kome i ein posisjon og me har fått diskutert ein del tiltak for å koma på rett spor. Mellom anna gjeld dette å tenkja fram i tid på rekruttering, kompetansekrav personleg helse og miljø, seier han.

Han peikar på at det alltid har vore miljøet som har vore topp prioritet i HMT-arbeidet til norske reiarlag, ikkje tryggleiken til dei tilsette.

– Det har ikkje vore så interessant om to sjøfolk døde, men om det har lekt ut olja som kan drepa ein sjøfugl. Om ein hadde satsa på personen si helse og tryggleik tryggleik i stadenfor flotte sikkerhetspermar og miljøimage, hadde me fått vekk mykje av ulykkene, hevdar han.

Malterud får støtte frå Hans Sande, direktør i Norsk Sjøoffisersforbund.

– Arbeidspresset på norske ferjer er så stort at det går utover merksemda, seier han

– Mannskapet har og ansvar

– Tryggleikskulturen er ikkje på plass, hjå norske reiarlag

Men Malterud understrekar at det til sjuande og sist uansett er mannskapet om bord på ferjene sitt ansvar å gje beskjed om dei ser avvik.

– Dei om bord må vera seg sitt ansvar bevisst. Dei har lika mykje skuld sjølv om ting ikkje fungerar, seier han.

LES OGSÅ: Ferge med 200 passasjerer grunnstøtte i Ryfylke

Malterud seier at han veit at mange om bord i norske ferjer tek snarvegar rundt kviletidsreglane for å få lengst mogleg tid om bord, og dermed lengst mogleg friperiodar. Samstundes trur han at dei tilsette lar mykje passera og, då dei er redde for arbeidsplassane sine.

Saka held fram under biletet

PÅ GRUNN: Ingen ble skadd i uhellet.
  (Foto: Bjørn Kjetil Hansen)
PÅ GRUNN: Ingen ble skadd i uhellet. (Foto: Bjørn Kjetil Hansen)

– Du kan sjølv tenkja deg når du jobbar på ei ferje langt inne i ein fjordarm og det er mange mil mellom heim og arbeidsplass. Du lar mykje passera då, hevdar han.

– Difor håpa me at alle som har ansvar for HMT om bord snart kan trekka i same retning, seier han.

Norsk Sjøoffisersforbund legg mykje av skulda på den dårlegare tryggleiken på anbodsregimet som er innført.

Kritisk til Sjøfartsdirektoratet

– Reiarlaga har ikkje så mykje å kutta i enn lønn og kostnadar. Difor kuttar dei i bemanninga for å sitja igjen med mest mogleg kroner, seier Hans Sande.

Han seier at dei jobbar for å få sjå på kva maritimt personell som må til for å gjera ein sikker jobb.

I 2009 fekk organisasjonane for dei tilsette igjennom ei ny bemanningsforskrift der formålet var at skipsleiinga og reiarlaga systematisk skulle gå igjennom bemanninga.

Det var ein sovande regel i fleire år.

– Reiarlaga fekk gjennomslag for sine synspunkt så lenge dei holdt seg innan arbeids og kviletidsbestemmelsane, seier Sande.

– Det vart ikkje tatt omsyn til alle arbeidsoppgåvene som skipsmannskapet må gjera. Arbeidspresset aukar stadig, for det blir ikkje mindre å gjera om bord, seier han.

LES OGSÅ: Ny fergesmell i Romsdal

Han seier at dei har rundt 16 saker inne som no vert behandla av Sjøfartsdirektoratet, der ein er ueinige med reiarlaga om bemanninga.

Han hevdar at stort sett så er Sjøfartsdirektoratet einige med reiarlaga. Sjølv i tilfeller der kapteinen meinar det ikkje er trygt, støttar Sjøfartsdirektoratet reiarlaget.

Saka held fram under biletet

ferge (Foto: Vidar Halsne)
ferge (Foto: Vidar Halsne)

– Kvar skal då skipsleiinga venda seg når Sjøfartsdirektoratet seier at dette er reiarlaget sitt ansvar?, spør Sande.

Han meinar at Sjøfartsdirektoratet har eit objektivt ansvar for å sjå til at visse objektive normer blir lagt til grunn når det kjem til tryggleik og bemanning om bord i skipa.

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen slår fast at det er reiarlaga som har ansvaret for sikker drift. Sjøfartsdirektoratet skal føra tilsyn med at reiarlaga føl lovar og reglar.

Sjøfartsdirektoratet trugar med meir tilsyn

Men han seier at dei har merka seg at talet på enkelte former for ulykker med norske ferjer har gått opp dei siste åra.

Han seier at dei har tatt situasjonen opp med reiarlaga, analysert situasjonen og prøvd å finna ut kva som ligg bak tala. Og langt på veg er dei einige med organisasjonane til dei tilsette.

– Det me ofte finn er teknisk svikt, som oftast skjer på gamle ferjer, skuldast manglande vedlikehald. Det er og ei rekkje operasjonelle feil, der dei om bord feilvurderar straum, bakkar opp for seint, seier Akselsen.

Han trugar med meir tilsyn ovafor reiarlaga, både på kontor og om bord i ferjer.

– Dei tilsette på ferjene peikar på at når det vert færre folk om bord, vert det samstundes mindre tid til vedlikehald og kviletidene vert ofte brote, ser de ingen samanheng mellom færre folk om bord og ulykkene, og årsakene til dei?

– Me har undersøkt desse ulykkene, og me kan ikkje sjå at det er nokon samanheng, seier Akselsen.

LES OGSÅ: Røykutvikling på ferge

Han peikar på at tidlegare hadde ein behov for fleire folk om bord, på grunn av at folk hadde spesifikke oppgåver når det kom til evakuering av ferjene. Men at det i dei seinare åra er innført nytt og meir effektivt redningsutstyr.

– Kor mange som skal vera om bord for å dekka dei operasjonelle oppgåvene er reiarlaget si oppgåve å avgjera. Sjøfartsdirektoratet fastsett tryggleiksbemanninga, seier han

Trygleiksbemanninga er ikkje det same som operasjonell bemanning.

– Når enkelte oppgåver forsvann, har me gått med på å redusera talet på tilsette om bord, seier han.

– Eg kan ikkje sjå at grunnen til at fleire ferjer går på grunn er at det er færre lettmatrosar om bord, seier han.

Saka held fram under biletet

INGEN
  FULLSKALA ØVINGAR: Fjord1 har aldri hatt ei fullskala øving på gassferjene
  sine mellom Halhjem -Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika. Årleg fraktar
  dei over to millionar bilar og nærare fem millionar passasjerar. Det
  er i tråd med reglane til Sjøfartsdirektoratet.. Her er MF «Bergensfjord»
  fotografert på veg til Sandvikvåg. (Foto: Yngve Garen Svardal, © Yngve
  Garen Svardal)
INGEN FULLSKALA ØVINGAR: Fjord1 har aldri hatt ei fullskala øving på gassferjene sine mellom Halhjem -Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika. Årleg fraktar dei over to millionar bilar og nærare fem millionar passasjerar. Det er i tråd med reglane til Sjøfartsdirektoratet.. Her er MF «Bergensfjord» fotografert på veg til Sandvikvåg. (Foto: Yngve Garen Svardal, © Yngve Garen Svardal)

Før han nok ein gong understrekar at det er reiarlaget sitt ansvar å driva fornuftig og at det er fornuftig vedlikehald om bord.

Han avvisar at Sjøfartsdirektoratet fråskriv seg ansvaret.

– Tvert i mot. Om me skulle tatt på oss ansvaret, ville me samstundes sagt at det ikkje var reiarlaga sitt ansvar, meinar Akselsen.

Han seier at dei no skal byrja ein ny strategi, og sjå på ulykkesstatistikken, funn ved inspeksjonar, tilrådingar frå staten sin Havarikommisjon med meir på kor dei skal setja inn støytet.

– Dei tilsette hevdar at det er anbodsregimet som er årsaka til nedbemanning og dermed ulykkene. Kva meinar du om det?

– Det skal eg vera forsiktig med å seia noko om sidan det er andre etatar som har ansvaret for det regimet . Det me har bede om er at når det vert utarbeida nye retningslinjer for anbod, er tryggleiken i høgsete. Til no har det vore rutetider og miljø. Det må og vera parameter som gjer at sikker overfart har ei gevinstside, seier han.

Fjord1: Anbod er årsak til kutt i mannskap

Fjord1, eit av landets største reiarlag med nærare 70 ferjer og fleire hurtigbåtar, innrømmer at det er anbodssituasjonen som gjer at dei går ned på bemanninga om bord i ferjene.

– Ja, det er klart det. Me kan ikkje driva ferjer med fleire tilsette om bord enn kva våre konkurrentar gjer, seier konsernsjef Stig Kristoffersen til tv2.no.

Han seier at anbodsregimet har ført til at dei har gjennomført tekniske tiltak som gjer at dei får mindre bemanning om bord.

Han seier at rammevilkåra er kraftig endra for reiarlaga dei siste fem til sju åra.

– Etter at anbodsregimet vart innført er det lett å seia at me på mange måtar er meir pressa. Det er større produksjon og oppdragsgjevar vil ha meir ruter, seier han.

Kristoffersen seier at dei ikkje har hatt fleire «uønske hendingar» enn tidlegare.

– Men me har fått meir omfattande skadar enn tidlegare. Det er ei uønska utvikling som me har registrert, seier han.

– Difor har me jobba med dei tilsette for å sjå på kva tiltak me må setja i verk for å snu denne trenden, seier han vidare.

Analysane som Fjord1 har gjennomført viser at 70 prosent av hendingane skuldast menneskelige feil.

Saka held fram under biletet

FergeOK
FergeOK

Dei har sjekka om årsakene skuldast for stort arbeidspress om bord, om det er god nok kviletid, opplæring og utsjekking.

– Me ser ingen samanheng med bemanninga om bord eller for stort arbeidspress og ulykkene, hevdar han.

– Ulikt syn er ikkje uvanleg

– Men dei tilsette sine organisasjonar meinar at det kan vera ein samanheng?

– Det er ikkje uvanleg at det er ulikt syn på årsakene til dette spørsmålet. Og det er ikkje vanskeleg å skjøna at dei meinar at det går ut over tryggleiken. Men dette går på tryggingsanalysar som ligg til grunn for arbeidsdelinga. Og me meinar at me er på trygg grunn, seier Kristoffersen.

LES OGSÅ: – Ferga smadret fergekaia

Tide Sjø og FosenNamsos sjø seier at dei ser heller ingen samanheng mellom talet på tilsette om bord i ferjene og talet på ulykker.

Ivan Fossan, administrerande direktør for Tide sjø, seier at hjå dei går talet på ulykker ned.

– Me finn heller ingen raud tråd hjå oss når det gjeld årsaka til ulykkene, men mykje skuldast menneskelig svikt, seier Fossan.

– Organisasjonane til dei tilsette hevdar at med færre folk om bor blir det mindre tid til vedlikehald og anna førefallande arbeid. Ser de ein samanheng der og med det aukande talet på ulykker?

– Ser ingen samanheng

– Nei, me ser ikkje noko samanheng. Me brukar meir resursar enn nokon gong på vedlikehald av ferjene, hevdar han. Der får han full støtte frå Per Christian Stubban i Fosen Namsos Sjø.

– Me ser heller ingen samanheng, seier Stubban.

LES OGSÅ: – Ferjemannskapet har all skyld

Fossan meinar at slike påstandar får stå på dei tilsette si rekning.

Han meiner heller ikkje at anbodssituasjonen er det som gjer det naudsynt å kutta i bemanninga.

– Me meinar at det er mogleg å finna gode løysningar på dei andre momenta, mellom anna drivstoff. Eit døme der er alternative drivstoffkjelder, seier han.