TO JENTER HALDE FANGA: Ein 32 år gammal meksikansk mann er arrestert, mistenkt for å ha halde to jenter i fangenskap i sju år og drept ei av jentene, og ein baby født i fangenskap. (Foto: APTN)
TO JENTER HALDE FANGA: Ein 32 år gammal meksikansk mann er arrestert, mistenkt for å ha halde to jenter i fangenskap i sju år og drept ei av jentene, og ein baby født i fangenskap. (Foto: APTN)

– Holdt tenåringssøstre som sexslavar i sju år

Fekk fem born i fangenskap. Den eine jenta og ein av babyane vart slått i hel og dumpa langs motorvegen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statsadvokaten i Mexico City, Miguel Mancera, på ein pressekonferanse tysdag. (Foto: APTN)
Ein mann frå Mexico City er arrestert mistenkt for å ha halde fanga og misbrukt to tenåringsjenter i sju år. Mannen skal ha valdtatt jentene fleire gonger. Jentene har til saman fødd fem born i fangenskap.

Mannen er mistenkt for å ha tatt livet av den eine jenta, og ein baby på tre månadar, ifølge nyheitsbyrået AP.

Begge skal blitt slått i hel. I over ein månad skal lika ha lege i huset til mannen si mor. Med hjelp frå broren sin skal lika til slutt ha blitt dumpa langs ein motorveg.

Les også: Kvinne holdt fanget i leilighet med torturkammer

Mannen, 32 år gamle Jorge Iniestra, innleia eit forhold mor til dei to jentene i 2004. Iniestra skal etter kort tid ha blitt fiksert på dei to døtre til kvinna. Mannen tok jentene ut frå skulen og hindra dei i å forlata huset. Til slutt låste han dei inne på eit møkkete rom i huset til mor si.

– I juli 2009 tok Iniestra jentene med seg til mora sitt hus, der haldt han dei og tok frå dei all fridom, sa Miguel Mancera, statsadvaokaten i Mexico City, på ein pressekonferanse i Mexico City tysdag.

Dei to jentene og mor deira skal ha utvikla sympati med mannen som haldt dei fanga og misbrukte dei. Ifølge statsadvokaten lir både mor til jentene og dei to jentene av stockholmsyndrom, Då dei blei utspurd av kva som har skjedd skal dei ha forsvart mannen sine handlingar.

Les også: Funnet skyldig i bortføring og voldtekt

Mannen misbrukte også jentene sin bror. Guten blei blant anna tvinga til å selja godteri utanfor ein skule, og dersom han ikkje tente nok pengar skal han ha slått han eller bunde han opp naken.

- BLEI TRUA KVAR VEKE: Clara Tapia, mor til to jenter som er blitt halde i fangeskap i sju år, fortel at dei blei trua på livet opp til fleire gonger per veke. (Foto: APTN)
Iniestra blei arrestert tysdag. Også mannen si mor, bror og søster, pluss mora til dei to jentene, vart arrestert for å ha hjelpt til med å halda ugjerningane skjult og for å ha hindra jentene i å rømma.

På pressekonferansen sa mor til jentene at dei var blitt trua på livet opp til fleire gonger per veke.

– Borna mine og eg var redde. Han sa til oss at dersom me gjorde noko med han eller familien hans ville han drepa oss.

Den minste jenta, ein baby på tre månader vart sendt til sjukehus med skadar i hovudet. Dei andre borna født i fangenskap - på to, fire og fem år - og jenta som overlevde blir tatt vare på av andre.

Les også: Far (80) pågrepet for overgrep gjennom 40 år