MARKERING I MOSKEEN: Imam Najeeb Naz i World Islamic Mission på Tøyen i Oslo tysdag talte til mange frammøtte som nok ikkje går i moskeen til vanleg. (Foto: TV 2)
MARKERING I MOSKEEN: Imam Najeeb Naz i World Islamic Mission på Tøyen i Oslo tysdag talte til mange frammøtte som nok ikkje går i moskeen til vanleg. (Foto: TV 2)

Minnemarkering på tvers av tru i moskeen på Tøyen

Til minne om terrorofra samla folk på tvers av relegion seg i World Islamic Mission på Tøyen i Oslo tysdag.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

MANGFALD: ¿ Vi er eit mangfaldig samfunn, og vi minne i dag ei mangfaldig gruppe av uskyldige offer, sa iman Najeeb Naz i World Islamic Mission. (Foto: TV 2)
World Islamic Mission i Åkebergveien i Oslo opna tysdag moskeen. På teppa i moskeen sat folk på tvers av tru, samla for å minna dei døde og skadde etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya for fire dagar sidan. I moskeen sat kronprins Haakon, utanriksminister Jonas Gahr Støre, den amerikanske ambassadøren Barry White og biskop i Oslo Ole Christian Kvarme.

– Vi er eit mangfaldig samfunn, og vi minner i dag ei mangfaldig gruppe av uskuldige offer, sa iman Najeeb Naz i World Islamic Mission.

– Ikkje heilt unaturleg

Kort tid etter at bomba smalt i Oslo sentrum fredag kveld var fleire ute og peikte på at muslimar måtte stå bak ugjerninga.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre var blant fleire som deltok i minnemarkeringa i World Islamic Mission i Oslo tysdag. (Foto: TV 2)
– Dette fortel om noko som ikkje er heilt unaturleg, fordi vi har ei samtid der det har skjedd liknande i andre europeiske byar der det var svaret. Men eg er veldig glad for at toneangjevande folk var varsame i den augeblinken og ikkje peikte fingre. Fordi det vi no har sett er at dette var midt i blant oss såkalla etniske nordmenn. Det er ei kjempeutfordring å sjå korleis dette kunne skje, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre til TV2s reporter Pål T. Jørgensen utanfor World Islamic Mission sin moské i Oslo.

– Det er også ein tanke det som vart sagt av ordføraren i Oslo; neste gang det skulle skje noko skal vi vera varsame med å trekka konklusjonar. Det er ingen her inne som har sagt at alle som ser ut som gjerningsmannen er som han. Og det er noko vi må tenkja andre vegen når det skjer grusomheitar andre stadar - så er ikkje alle som ser ut som dei, som dei som utfører grusomheitar, seier Støre.

Sjå intervjuet med utanriksminister Jonas Gahr Støre her.

Les også: Mistet sønnen: – Har spurt Gud, hvorfor skjedde dette?

Disse ble drept på Norges mørkeste dag

Samla innvandrarorganisasjonar

Blant deltakarane på minnemarkeringa i moskeen var også barne, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV). Lysbakken kom til moskeen frå eit møte med fleire innvandrarorganisasjonar. – Dei vart samla fordi kanskje fleire av dei kjenner på ei ekstra frykt for at samfunnet skal bli meir splitta, seier Lysbakken.

– Det var det som var målet med desse angrepa, men i staden sa mange av dei til meg: Før sa vi «dem» og «oss» i Noreg, no seier vi «Vi». Kanskje kan vi klara å fortsetja å seia «Vi», og då blir vi eit sterkare og betre samfunn, seier Lysbakken.

Les også: English Defence League benekter kjennskap til Anders Behring Breivik

Markeringar over heile landet

Måndag kveld samla kring 200.000 menneske seg i Oslo. Det er den største markeringa nokon gong, opplyste politiet i Oslo tysdag. Også i ei rekkje andre byar samla folk seg måndag kveld.

Og også tysdag har det vore fleire minnemarkeringar i landet.

LILLESAND: Mange stilte opp i fakkeltog i Lillesand tysdag kveld. (Foto: Connie Bentzrud/TV 2)
I Bergen blei det arrangert minnekonsert i Bergen domkyrkje.

Fleire tusen menneske møtte opp for å delta i minnemarkeringa i Hole kommune. Fleire av dei som deltok i markeringa i Hole var med på å ta imot dei overlevande etter skytinga på Utøya i Hole. Dei fekk samen med dei andre frammøtte vist si avsky mot terrorhandlingane ved å delta på rose- og fakkeltoget frå Vik til Sundøya. Stortingspresident Dag Terje Andersen, politidirektør Øystein Mæland og ordførarane Kjell B. Hansen og Per R. Berger haldt appellar i løpet av arrangementet, skriv ringblad.no.

Og medan mange går i fakkeltog landet rundt, set andre seg på sykkelen. Nærare tusen motorsyklistar køyrde tysdag kveld i kortesje frå Oslo til Utøya for å visa støtte.

Sjå også: Minnekonsert i Bergen domkyrkje tysdag kveldog Motorsyklister hedret terrorofrene