Falske Apple-butikkar i Kina. Kunming (Foto: BirdAboard/Afp)
Falske Apple-butikkar i Kina. Kunming (Foto: BirdAboard/Afp)

Dette er ikke en Apple-butikk

I Kina treng ikkje dette med opphavsretten å bety så alt for mykje. Denne butikken ser ut som ein Apple-butikk, men alt er falskt. Sjølv dei tilsette trur dei jobbar i ein orginal Apple-butikk.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ved fyrste augneblink ser det ut som ein fancy Apple-butikk. Dei tilsette går rundt i blå t-skjorter med selskapets logo. Plakatar som reklamerar for den nye Ipad 2 heng på dei kvite veggane. På utsida av bygget ser du den berømte logoen på eit skilt med orda: Apple Store.

Og det er det som røpar at her er det noko muffens.

– Alt såg ekte ut ved fyrste augekast

Kina er viden kjent for å vera eit mekka for dei som leitar etter piratkopiar av det meste du vil ha. Merkeklede, DVD-ar og dataprogram for å nemna noko.

Falske Apple-butikkar i Kina. Kunming (Foto: AP Photo/Ap)

Men no har kinesarane nådd ein ny milestein, falske Apple-butikkar.

LES OGSÅ: Steve Jobs forsvarer kinesisk selvmordsfabrikk

Ei amerikansk kvinne som bur i byen Kunming i den sørlege Yunnanprovinsen kom tilfeldigvis over ikkje mindre enn tre perfekte kopiar av Apple-butikkar.

Butikkane var så gode kopiar av dei originale, at dei tilsette trudde dei jobba i ekte butikkar!

– Det såg ut som ein Apple-butikk. Den hadde den klassiske Apple-butikkens rare vindeltrapp og sittegruppe oppe. Dei tilsette var sjølv iført blå t-skjorter med fancy Apple namneskilt rundt halsen, skriv ho på bloggen sin.

Men ho merka og at det var ting som ikkje stemde.

– Stadig fleire falske butikkar

– Veggane var ikkje skikkeleg mala. Og Apple skriv aldri «Apple Store» på skilta sine - dei berre set opp det glødande, ikoniske frukta på eit skilt, skriv ho vidare.

Når nyhendebyrået AP prøver å kontakta ein av butikkane får dei beskjed om at det er snakk om ein ekte Apple-butikk, før den tilsette legg på røyret.

LES OGSÅ: DVD-Jon stevnet i Apple-sak

– Det vert meir og meir falske butikkar i Kunming. Sjølv om dei sel ekte Apple-produkt, er dei ikkje importert på lovleg vis. Og dei kostar meir, seier ein mann som kallar seg Zhang til nyhendebyrået.

Falske Apple-butikkar i Kina. Kunming (Foto: BirdAboard/Afp)

Han er sjølv ein autorisert Apple-forhandlar i Kunming.

LES OGSÅ: Apple sensurerer iPhone i Kina

– Dei fleste kundane veit sjølv ikkje at det er snakk om ein falsk butikk dei handlar i. Og dei tilsette kan ofte ikkje bruka ein datamaskin skikkeleg, eller fortelja kundane om alle funksjonane til telefonane dei sel, seier Zhang.

Fire ekte Apple-butikkar i Kina

Sjølv om Kunming er ein storby, i alle fall i norsk målestokk, med over 6,8 millionar menneskjer i storbyområdet, har dei ingen ekte Apple-store der.

Det finnest faktisk berre fire ekte Apple-butikk i Kina. To i Beijing og ein i gigantbyen Shanghai og ein i Hong Kong.

Sjå oversikt her over dei ekte Apple-butikkane i Kina.

Dei har og planar om å opna to butikkar til, ein i Shanghai og ein i Hong Kong.

– Falske Apple-butikkar er eit særs grovt døme på merkevarekopiering. Men denne framveksten er ikkje overraskande gitt storleiken på produktforfalsking selskap som Apple står ovanfor, seier Ted Dean, administrerande direktør i BDA China Ltd, eit selskap i telesektoren.

Her ser du Wikipedia sin oversikt over Apple-butikkar verda over.

LES OGSÅ: Verdens første Apple solgt for over 1 million på auksjon

Apple på si side tenar store pengar i Asia. I Kina, Hong Kong og Taiwan seksdobla dei inntektene sine det siste året åleine.

Falske Apple-butikkar i Kina. Kunming (Foto: BirdAboard/Afp)