Sir Paul Stephenson (Foto: PARBUL/Afp)
Sir Paul Stephenson (Foto: PARBUL/Afp)

1 av 4 i informasjonsavdelingen til London-politiet har jobbet for Murdoch

Har Murdoch hatt eit jerngrep på informasjonsavdeliga til London-politiet?

Høyringa om den britiske avisskandalen er i gang, og nettopp har politimeisteren i London, Sir Paul Stephenson forklart seg.

Han sa at hele 10 av 45 av dei tilsette i informasjonsavdelinga til Londonpolitiet tidligare har jobba for News of the World (NOTW).

Se høringen direkte her.

Redaktør jobba for politet som overstjar

Dette kjem i tillegg til måndagens avsløring om at Alex Marunchak, ein av redaktørane i News of the World hadde jobba som oversetjar for londonpolitiet mellom 1980 og 2000 som ukrainsk-oversetjar.

Alle desse fakta vil på ingen måte dempa spekulasjonane om dei tette banda mellom NOTW og Scotland Yard.

LES OGSÅ: Norsk ekspert om hackingskandalen: – Cameron forsøker hele tiden å gjemme seg

Sjølv om den avtroppande politimeisteren nektar for det på det sterkaste.

Stephenson nektar framleis for at han visste om at avisa dreiv med avlytting av telefonar, men seier at i ettertid er dei flaue over at dei tilsette ein av dei tidlegare redaktørane i News of the World, Neil Wallis, som informasjonsrådgjevar.

– Me hadde behov for hjelp

Wallis fekk jobben i politiet berre åtte veker etter at han var ferdig i avisa.

I førre veke vart han sett i fengsel i samband med overvakingssandalen.

Dick Fedorcio, Visste om påstandane om telefonhacking før han tilsette Neil Wallace som informasjonsrådgjevar.

LES OGSÅ: Scotland Yard-sjefen trekker seg

– Me hadde behov for hjelp. Me såg etter nokon me den rette bakgrunnen og kunnskapen. Og me hadde behov for nokon med kontaktar som gav politiet tilgang til dei rette folka på kort tid, sa Fedeorcio i høyringa.

Det har seinare kome fram at dottera til Wallis og har eit tilsetjingsforhold til Londonpolitiet.

Fedeorcio er informasjonssjef i Londonpolitiet, men har levert inn oppseiinga si.

Enorm interesse

Fleire timar før den mykje omtalte mediemogulen skal i elden, var rundt 40 personar på plass utanfor Underhusets mediekomité ved Parlamentet i London.

Murdoch er venta å møta ein storm av spørsmål frå politikarar når dei møter for å forklara seg i avlyttingssaka i britiske medium.

LES OGSÅ: «Farvel, grusomme 'World'»

Med seg skal Murdoch ha sonen sin James. Dei kjem til å sitja side om side framføre mediekomiteen i Underhuset når høyringa starta klokka 15.30 norsk tid tysdag.

Ein time seinare møter Rebekah Brooks til utspørjing. Den tidligare redaktøren i News of the World og Murdoch seniors favoritt vart arrestert sundag og avhøyrt i ni timar av politiet.

Utspørjinga av dei tre medietoppane vert sendt direkte på TV2.no, og i Storbritannia og det er enorm spenning knytt til seansen. Det er venta at millionar av britar kjem til å sjå høringa på TV eller internett.

(TV 2/NTB)