philipsbygget-montasje (Foto: TV 2)
philipsbygget-montasje (Foto: TV 2)

Husker du denne? Sprengte Oslo-bygg foran 10.000 tilskuere

Sjå ein overnervøs kinosjef i Oslo uroa seg for om Colosseum overlever når ei 15 etasjar høg blokk skal jamnast med jorda.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Noregs første høgblokk, midt i tjukkaste Oslo skulle jamnast med jorda.

10.000 nysgjerrige menneske fulgte nysgjerrig med då sprengladningen gjekk av.

– Eg er forferdeleg spent

Men ei dame var meir spent enn alle andre. Det var dåverande kinodirektør i Oslo, Ingeborg Moræus Hanssen.

– Eg er forferdelig spent. Eg er veldig glad i Colosseum kino og er veldig uroa for det som skal skje, sa ho til TV 2 sin reporter. Og ein kan tydeleg sjå at det er ei spent kinodirektør som ser på.

NERVØS: Sorengladninga har akkurat gått av og det er tydeleg at Moræus Hansen er spent. (Foto: TV 2)

Ho protesterte lenge på førehand mot rivinga av blokka, og samanlikna seg med ein figur godt kjent frå filmens verd.

– Erin Brockovich dreiv med forureiningskamp ho og, seier ho til TV 2 sin reporter.

TV 2 sparte ikkje på mykje når denne reportasjen vart laga.

Det kulaste Oslo-ungdommen hadde sett

Helikopter var leigd inn, klippinga var ikkje akkurat tradisjonell nyhendeklipping og dramatisk musikk var lagt på.

Eit kamera var i tillegg festa på bygget som vert jamna med jorda, så du kan følgja ferda mot jorda.

Helikopterbileta viser at store folkemengder samla seg i sentrumsgatene i hovudstaden for å sjå sprenginga av storbygget.

MYKJE RØYK: Det ser ut som ei krigssone, men det er berre Oslo i 2001 etter at Phillipsbygget vart sprengt i lufta. (Foto: TV 2)

– Det har aldri vore så kult før, er Oslo-borgarane sin dom over sprenginga.

Sprenging er best på kino

– Slike ting er best på kino, meinte Moræus Hansen.

Og der tar redigeraren ho på kornet.

Sjå klippet og sjå det klassiske innslaget, der bygget til og med står opp frå dei daude.