PLANKAR PÅ HAI: Her plankar Ellen Kathrine Olsen på ein ti meter lang hai. (Foto: Arild Olsen)
PLANKAR PÅ HAI: Her plankar Ellen Kathrine Olsen på ein ti meter lang hai. (Foto: Arild Olsen)

Her planker Ellen (17) på en ti meter lang hai

– Skulle me ein gong planka, måtte det verta no, seier Ellen Kathrine Olsen etter å ha planka haien.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det var eit artig innfall me fekk, seier Ellen Kathrine Olsen.

Saman med halvbroren Bendik Hamsund (14) var ho med faren ut for å trekke opp eit øydelagd laksegarn utanfor hytta i Brennegam i Finnmark.

Det var då dei oppdaga kjempefisken.

Skjønte ikkje kor stor haien var

– Fyrst såg me berre finna på fisken, men eg hadde ingen ide om kor stor den faktisk var, seier ho til TV2.no.

For i garnet hadde det surra seg inn ei ti meter lang brugde.

Saka held fram under biletet

STOR FISK: Slik ser ei brugde ut i sitt rette element. (Foto: Chris Gotschalk/Wikimedia Commons)

– Eg har aldri sett ein så stor fisk før, seier ho.

Det var avisa Finnmarken som fyrst skreiv om den noko uvanlege plankinga.

Ho seier at det var broren Bendik som fyrst ville gå ut på det store dyret. Det var han som byrja å snakka om planking

– Så vart me einige om å berre gjera det.

LES OGSÅ: Fikk verdens nest største fisk i garnet i Finnmark

NØGD: Ellen K. Olsen godt nøgd etter vel gjennomført planking. (Foto: Arild Olsen)

– Korleis var det å planka på det store dyret då?

Slimete hai

– Det var litt spesielt. Det var veldig god plass på den, seier ho.

Brugde er ein haiart som kan verta 10-15 meter lang. Han lever av små krepsdyr. Fisken lever i Nord-Atlanteren og Stillehavet. Om sommaren finst han langs norskekysten, nord til Norskehavet.

Brugder vart fanga med harpun i Noreg frå 1750 til 1820, men fangst er no ulovleg, skriv Wikipedia.

LES OGSÅ: Så nære var kajakkpadleren den store haien

Brugda var veldig slimete, men den støyten var det veslebroren som tok.

STOR FISK: Det er store dimmensjonar over brugda som rota seg inn i garnet til Arild Olsen. Før det kom inn i hans garn, hadde den surra seg inn i eit anna garn. (Foto: Arild Olsen)

– For meg var det heilt greitt, for Bendik fekk alt slimet på seg, seier ho.

– Men kvifor akkurat planking?

– Eg veit ikkje, det var berre eit artig innfall me fekk, seier ho.

Ingen større planar om meir planking

Ho har aldri planka før, og har ikkje store planar om å gjera det igjen.

– Eg har ikkje planlagt noko i alle fall, sluttar ho.

LES OGSÅ; I andre enden av fiskestangen er det et gigantisk monster

Fisken enda sine dagar til havs. For pappa Arild Olsen drog med seg fisken ut på djupt hav for at den skulle sykna til botn.

– Det er ikkje mange slike brugder i området. For ungane var det nok artig med denne «fangsten», men det vart jo mykje ekstraarbeid og øydelagde garn, seier Arild Olsen til Finnmarken.