EuroMillions (Foto: Dave Thompson/Pa Photos)
EuroMillions (Foto: Dave Thompson/Pa Photos)

Brite vant 1,4 mrd kroner på lotto

Europas største lottogevinst gjekk til ein heldig brite.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag vakna ein brite, truleg med verdas breiaste glis rundt munnen.

Han eller ho har nemlig sikra seg ein gevinst på 1,4 milliardar kroner etter trekninga i lotteriet EuroMillions.

Ukjent vinnar

Noko som gjer personen blant dei 420 rikaste i Storbritannia, skriv The Mirror.

LES OGSÅ: To lottovinnere delte én milliard

– Dette er tidenes største gevinst i Europa, og kjem berre kort tid etter ein annan storgevinst på heile ein milliard kroner i fjor haust, seier ein talsmann for nasjonallotteriet i Storbritannia til BBC.

Det var fleire land i Europa som var med i trekninga. Både England, Frankrike, Spania, Østerrike, Belgia, Irland, Luxembourg, Portugal og Sveits var med å kjempa.

Bugatti Veyron (Foto: Markus Schreiber/Ap)
Men kven som vann prisen er ikkje kjent, heller ikkje kvar i Storbritannia vedkomande er ifrå, difor foregår det no ei storstilt jakt på den nye milliardæren på øyriket.

Lottofeberen har vore ekstremt høg på øyriket i det siste.

Selde 900 lodd i sekundet

På det meste selde dei 900 lodd i sekundet i Storbritannia åleine, det tilsvarar over tre millionar lodd i timen, skriv The Mirror.

På fredag var det ei trekning, men ingen hadde dei rette tala.

For å vinna måtte du ha fem rette tal, pluss to tilleggstal.

Avisa The Telegraph har fleire forslag til kva du kan gjera med pengane.

Kan kjøpa 107 Bugatti Veyron

Mellom anna kan du kjøpa fotballspelaren Christiano Ronaldo, og likevel sitja igjen med halvparten av pengane dine.

Eller du kan kjøpa kunst. Det dyraste kunstverket som er seld til no er Picasso sitt meisterverk «Nude» som gjekk for £70.000.000 på ein auksjon i 2010.

Alternativt kan vinnaren kjøpa seg 107 Bugatti Veyron, verdas raskaste bil. Med norske avgifter får du nok litt færre bilar for same summen.

Christiano Ronaldo (Foto: KHAN TARIQ MIKKEL/AP)