NOTW News of the World (Foto: IAN NICHOLSON/Afp)
NOTW News of the World (Foto: IAN NICHOLSON/Afp)

Sisteutgaven av News of the World solgte rekordbra

Hele 4,5 millioner eksemplarer ble solgt av sisteutgaven til News of the World. Prisen ble tidoblet på svartebørsen.

Uoffisielle tal viser at sisteutgåva av avisa News of the World selde i rekordtal.

Ikkje sidan februar 1998 har avisa vore i nærleiken av å selje 4,5 millionar eksemplar, skriv The Guardian.

Gjekk for £10 på svartebørsen

Normale salstal for avisa dei siste åra har vore på rundt 2,66 millionar kvar sundag, så sisteutgåva opplevde ein salsauke på 70 prosent.

LES OGSÅ: «Farvel, grusomme 'World'»

Avisa vart lagt ned etter at ei massiv telefonavlyttingsskandale vart avslørt.

Avisa skal ha seld absolutt alle avisene dei trykte opp, noko som gjer at ein kan spørja seg sjølv kor mange aviser kunne dei seld om dei hadde trykt fleire.

LES OGSÅ: Siste forside: «Takk og farvel»

Ubekrefta rapportar hevdar at avisa vart seld på svartebørs for 10 pund, noko som er ti gonger så mykje som utsalsprisen.

Overskotet til veldedige organisasjonar

NOTW har sagt at dei skal donera vekk overskotet på salet av sisteutgåva. Og stemmer det at sisteutgåva selde 4,5 millionar eksemplar kan to stiftingar sjå fram til å dela £ 3,3 millionar pund (28,9 millionar kroner).

LES OGSÅ: Illsint Cameron om News of the World: – Kan ikke begripe hva de tenkte på

Sundagskonkurrentane Sunday Mirror, Sunday Express og Mail on Sunday skal og ha auka distrubisjonstala sine med 25 prosent på sundagar for å posisjonera seg best mogleg på ein sundag der ein forventa uvanleg høge salstal.

Ber Murdoch droppa bodet på BskyB

Eigar av NOTW, Rupert Murdoch har lenge jakta på fjernsynsstasjonen Sky TV. No møter han meir motbør. Denne gong frå britane sin visestatsminister.

Nick Clegg oppmodar mediegiganten Rupert Murdoch til å gje opp planane om å ta full kontroll med betal-TV-operatøren BSkyB.

LES OGSÅ: News of the World i hylla for siste gang

– Gjer det anstendige og fornuftige og tenk om igjen om bodet på BSkyB, sa visestatsminister Nick Clegg til BBC News etter å ha møtt representantar for ofra for telefonavlyttingsskandalen som avisa News of the World sto bak.

(TV 2/NTB)