VIL INNFØRA SKREMMEBILETE: Australias regjering vil ha vekk reklame, fargesprakande bilete og tobakkselskapas logo. (Foto: HO/Reuters)
VIL INNFØRA SKREMMEBILETE: Australias regjering vil ha vekk reklame, fargesprakande bilete og tobakkselskapas logo. (Foto: HO/Reuters)

Tobakksgigant kjemper mot logoforbud

– Vi lét oss ikkje trua av eit stort tobakksselskap, slår Australias statsminister Julia Gillard fast.

- HAR PLUKKA FEIL REGJERING: Australias statsminister Julia Gillard (t.v.) og landets helseminister, Nicola Roxon, lét seg ikkje skremja av Philip Morris som vil gå rettens veg for å kunna halda fram med å trykkja selskapets logo på sigarettpakkane. (Foto: WILLIAM WEST/Afp)
Som Noreg vil Australia prøva å få ned forbruket av tobakk med skremmande bilete på sigarettpakkane. Og i tillegg til å trykkja avskrekkande bilete på sigarettpakkane vil den australske regjeringa forby tobakkprodusentane å bruka logoane sine på sigarettpakkane.

Den australske regjeringa vil også forby reklametekst og fargesprakande bilete på sigarettpakkane. Merkenamn vil bli trykt i ein liten og lik font, saman med ei helseåtvaringer.

– Vil tapa milliardar

Ifølgje nyheitsbyrået AP går tobakksgiganten Philip Morris til kamp mot den australske regjeringa. Ifølge Philip Morris vil lovendringa bety at selskapet kan koma til å tapa fleire milliardar australske dollar.

Fleire store sigarettprodusentar har trua med saksmål, men Philip Morris er det fyrste selskapet som gjer alvor av trugsmåla og krevjer kompensasjon dersom lova blir innførd.

Hong Kong-selskapet Philip Morris argumenterar med at den nye lova bryt med ein bilateral traktat mellom Australia og Hong Kong.

KAN BLI FORBODE: Dette kan bli forbode i Australia. Regjeringa vil ha vekk logo og reklame frå sigarettpakkane. (Foto: DANIEL MUNOZ/Reuters)

Denne traktaten beskyttar selskaps eigedom, inkludert immateriell eigedom som varemerke, seier Philip Morris.

– Det dette handlar om er at regjeringa vil ta over vår eigedom. Du kan mislika tobakkselskapa, men det dette handlar om er at du ikkje berre kan ta andres eigedom utan å kompensera for det, sa Anne Edwards, talskvinne for Philip Morris, i eit radiointervju, ifølge AP.

Talskvinne for Philip Morris anna Edwars. (Foto: AP)

– Vi snur ikkje

Både Australias helseminister Nicola Roxon og statsminister i Australia Julia Gillard hevdar at dei ikkje lét seg skremma av tobakkselskapet.

– Dersom dei trur at dei kan trua eller gå rettens veg for å få regjeringa til å gå ein anna veg, så har dei valt feil regjering, sa Roxon på ein pressekonferanse.

– Vi kjem ikkje til å ta eit steg tilbake, seier Gillard.

Etter planen vil regjeringa i Australia leggja fram forslaget om ei lovendring som vil forby tobakksprodusentar å bruka logoane sine på sigarettpakkane for parlamentet i juli.

Planen er å fasa loven inn over eit halvt år frå januar 2012.